I mai 2004 var det 309.452 passeringar over Nordhordlandsbrua, eller 9.982 køyretøy pr døger. Dette er ein auke på 5,7 % i høve til mai 2003. I mai 2003 var det ein nedgang på 0,8 % i høve til året før.
Fredag 28. mai 2004 (fredag før pinse) passerte 14.490 køyretøy Nordhordlandsbrua. Dette er ny rekord. Den gamle rekorden var frå fredag 6. juni 2003 (også fredag før pinse) då talet på passeringar var 13.728.
Etter 5 månader er trafikkauken 3,8 % i høve til same periode i 2003. Tek ein omsyn til at det var 29 dagar i februar 2004, er auken pr døger om lag 3,1 %.

Stanley Hauge