Legat til elevar ved Bergen maritime

8 elevar ved Bergen martime videregående skole mottok ved skoleårets avslutning kvar sin legatporsjon på kr 2500 frå hamnefogd Lars Iversen og frues legat.

På biletet frå høgre legatvinnarane: Bjarte Sagen (Strandvik), Ørjan Torsvik (Lindås), Håvard Nedkvitne (Voss), Sigurd Gjuvsland (Fusa), Tone R Brakstad (Bergen) og Magne Jacobsen (Bergen). Lengst til venstre står Helge Standal frå legatstyret og rektor Bjørn K Jæger. Roy G Middleton (Vaksdal) og Ole-Jostein Johansen (Ramfjordbotn) var ikkje til stades då biletet vart teke.

Elevane fekk legatet for god fagleg så vel som sosial innsats i skuleåret. Kriteria for legattildelinga er at legatporsjonane skulle gå til elevar som ikkje har fråvær, har oppnådd gode skuleresultat, og har vist engasjement i klassen og på skulen utover den faglege innsatsen.

Bakgrunn
Det er ekstra hyggelig at legatstyret valde å gje denne påskjønninga i skulen sitt jubileumsår, seier rektor Bjørn Kristian Jæger, som er godt nøgd med årets elevkull. Det var mange gode kandidatar til desse legatporsjonane, så det var fint at fleire elevar fikk tildeling. Rektor ønskjer elevane lykke til med vidare opplæring og yrkeskarriere, og håper denne påskjønninga kan vera ein spore til framtidig god innsats.

Stanley Hauge

30.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart