Kan unngå underskot i år

- Regnskapsprognosen for dei fire første månadene viser at det for første gong på mange år ser ut til at vi kan unngå underskot i 2004, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen under opninga av Hordaland fylkesting i Ulvik 8. juni 2004.

Ikkje roseraud
Men fylkesrådmannen understrekte at tilstanden til fylkeskommunen likevel er langt frå rosenraud.
- Budsjettrevisjonen som fylkestinget gjennomførte i mars førte til at vi har avsett 33 millionar kroner til å dekkje våre oppsamla underskot frå 2002 og 2003. Prognosen viser at det kan halde hardt om vi ved slutten på året greier å ha like stor underskotsdekking. Reglene er slik at ein må stryke mellom anna avsetningar for å unngå underskot. Skattesvikt, momssvikt og nokre hol i drifta kan gjere at vi må ete av avsetninga for å få balanse i rekneskapen. Resultatet blir i så fall at vi må dekkje inn meir underskot dei komande åra med stramere driftsrammer som resultat, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen til fylkestinget.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Les talen til fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg

Bjarte Brask Eriksen

06.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart