Skal Statoil sitt anlegg på Mongstad vera konkurransedyktig i framtida, er ei slik modernisering heilt påkrevd, heiter det i ei fråsegn fylkesutvalet har vedteke å senda regjeringa. Vedtaket er gjort med 12 mot tre røyster (SV, V).
Fylkesutvalet trekkjer fram at planane for moderniseringa av anlegget på Mongstad vil også føra til nye næringsaktivitetar i Nordhordlandsregionen. Dette er særs viktig for vidare verdiskaping i heile Hordaland.
Fylkesutvalet presiserer at Statoil gjennom eigne og statlege ressursar må satsast på å finna fram best mogleg miljøvenleg teknologi i dette prosjektet.
Opptakta til fråsegna vart gjort av Pål Kårbø (KrF) i fylkesutvalet 29. april. Fylkesrådmannen hadde til møtet 27. mai utgreidd saka.
Statoil arbeider med planar om å byggja om energiforsyninga til raffineriet. Eit nytt energiverk skal erstatta fleire gamle oljekjelar. Statoil vurderer å byggja eit kombinert verk for varmeproduksjon og elektrisitet. Verket skal dimensjonerast slik at all varmen frå verket kan nyttast i raffineriet, medan elkrafta kan forsyne verket med naudsynt straum og dessutan forsyna Kollsnes og Troll A-plattforma. Føda til energiverket er dels lette fraksjonar frå raffineriet, dels naturgass frå Kollsnes. Eit gassrøyr Kollsnes – Mongstad inngår i planane. Energiverket får ein verknadsgrad på rundt 80 % medan verknadsgraden i dag ligg rundt 50 %, heiter det i saksutgreiinga.
I saksutgreiinga heiter det at dersom naturgassrøret til Mongstad får tilstrekkeleg kapasitet, vil her dessutan opna seg nye moglegheiter for industriell verksemd i regionen knytt både til utnytting av naturgassen og mineralressursane. Lønsam produksjon av kraft og varme kan dessutan bidra til betra kraftbalanse både regionalt og samla sett i Noreg, og er samstundes ein god, effektiv og rein bruk av naturgass i fastlands-Noreg.
Stanley Hauge