Hordaland fylkesting sluttar opp om den forserte satsinga på E39 Kyststamvegen som det vert lagt opp til i Vest 39, den samla finansieringsplanen som Vestlandsrådet har lansert. Fylkestinget ser på Vest39 som eit nødvendig og viktig initiativ for den vida
Vedtaket vart gjort mot ei røyst (RV).
Fylkestinget viser til behovet for lokal forankring av eventuell lokal delfinansiering før det samla finansieringsopplegget i Vest39 vert slutthandsama. Dette punktet vart vedteke mot 14 røyster (Frp + 1 RV). Fremskrittspartiet ville i tillegg ha med at den lokale forankringa skal koma til uttrykk gjennom folkerøysting. Forslaget om dette fekk Frp sine 13 røyster og fall.
Fylkestinget legg til grunn at Hordaland fylkeskommune på nytt skal prioritera prosjekt på E39 Kyststamvegen i Hordaland med grunnlag i høyringsfråsegner frå aktuelle fylkeskommunar, kommunar og organisasjonar. Det samla opplegget i Vest39 vert lagt fram for Vestlandsrådet til endeleg handsaming.
Fylkestinget ønskjer at det i samband med utbygging av Vest 39 skal sikrast trygge gang- og sykkelvegar.
Sosialistisk venstreparti seier i ein protokollmerknad at partiet stiller seg skeptisk til auka bruk av bompengar og vil nøye vurdera dei enkelte prosjekta før ein gjev tilslutnad til desse.
Stanley Hauge