Hordaland fylkesutval aksepterer ikkje nedbygging av rutetilbodet på Bergensbana og går inn for at NSB skal satsa både på Arna-Bergen, Bergen-Voss-Myrdal og fjerntogtrafikken.
Samferdselsdepartementet har bede Hordaland fylkeskommune kome med innspel til prioriteringar til NSB sitt ruteopplegg for neste år. Bakgrunnen er at NSB i dag har eit driftsnivå som går utover den tildelte økonomiske rama. Det er difor aktuelt med kutt i 2005.
Fylkesutvalet peikar på at lokaltogstrekninga Arna-Bergen er ein viktig og integrert del av kollektivnettet i Bergen, og legg til grunn at NSB satsar målretta på å utvikla rutetilbodet.
Utvalet peikar vidare på Vossebana som, saman med fjerntoga, dekkjer transportkorridoren Bergen-Voss-Myrdal. Bana er ein viktig for trafikkavviklinga i denne delen av Hordaland. Utvalet ber om at rutetilbodet på denne strekninga i det minste vert halde oppe slik som i dag.
Utvalet meiner at fjerntogtrafikken på Bergensbana er viktig både i turistsamanheng og for fritidsreiser, og som eit miljøvenleg kollektivt alternativ til fly- og vegtransport. Samferdselsutvalet kan ikkje akseptera ei nedbygging av rutetilbodet på Bergensbana.
Stanley Hauge