Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for å godkjenne takstane på Askøybrua etter at Autopass vart innført.
Dette medfører at prisen med autopassavtale med Askøybrua A/S blir 60 kroner, mens dei som ikkje har slik avtale, må betale 70 kroner.
Det er svært mange reisande som får maksimal rabatt, slik at reduksjonen frå 100 til 70 kroner for enkeltreiser ikkje har noko negativ effekt for nedbetalingstida for brua.
Det blir slutt på bompengeinnkrevjinga i 2006.
Saka går vidare til fylkesutvalet 24. juni.
Bjarte Brask Eriksen