Hordaland fylkesutval rår til at nye takstar på Askøybrua etter at Autopass vart innført, vert godkjent.
Dette medfører at prisen med autopassavtale med Askøybrua A/S blir 60 kroner, medan dei som ikkje har slik avtale, må betale 70 kroner.
Det er svært mange reisande som får maksimal rabatt, slik at reduksjonen frå 100 til 70 kroner for enkeltreiser ikkje har noko negativ effekt for nedbetalingstida for brua.
Stanley Hauge