
Fylkesordføraren seier det er svært gledeleg at heile komiteen, med unnatak av SV, vil ha fram sak om Hardangerbrua så snart som mogleg. Det skal vi leggja til rette for skal skje alt i denne Stortingsperioden, dvs. seinast våren 2005, seier Selsvold Nyborg.
Fylkesordføraren konstaterer med glede at fleirtalet i Samferdselskomiteen er einig med Vestlandsrådet i at E39 Kyststamvegen er viktig for å skape sterkare regionar og eit meir konkurransedyktig næringsliv på Vestlandet.
Dette er eit viktig gjennomslag som eg ventar vert følgd opp med auka løyvingar når Stortinget skal handsama komiteinnstillinga 15. juni.
Fylkesordføraren har i den samanheng merka set at medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet vil prioritera 1000 mill. kr av auka rammer til prosjekt på E39 i alle dei fire fylka frå Stavanger til Ålesund, og at også Senterpartiet og Fremskrittpartiet har føreslege auka løyvingar til Kyststamvegen.
Det er også positivt at komitemedlemene frå Høgre og Krf ber regjeringen om å framskunde utbygginga av E39 Os-Bergen og koma tilbake til saka når dei nødvendige avklaringane føreligg.
Eit anna gledelege punkt er at fleirtalet i Samferdselskomiteen går inn for Vossapakka som sikrar omlegging E16 utanom Voss sentrum, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Stanley Hauge