Fylkestinget løyvde ekstra til tusenårsstad i Øystese

Hordaland fylkesting har samrøystes godkjent at kostnadsramma for Tusenårsstaden i Øystese vert auka med 7,5 mill. kr til 35 mill. kr. Fylkeskommunen aukar sitt tilskot med 3,75 mill. kr og Kvam heradsstyre har vedteke at kommunen skal gjera det same.


I eit eige punkt vedtok fylkestinget at den auka løyvinga må dekkast innanfor kulturbudsjettet. Dette vart vedteke med 29 (H, Frp, KrF, Pensj.) mot 27 (Ap, SV, V, Sp, RV) røyster. Mindretalet støtta forslag frå Arbeiderpartiet om at den auka løyvinga frå fylkeskommunen skulle dekkast med midlar frå ubundne kapitalfond.

Stanley Hauge

08.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart