Fylkesting i Ulvik med store samferdselssaker

Hordaland fylkesting har møte i Ulvik (kongressenteret) tysdag 8. og onsdag 9. juni. 28 saker står på sakskartet på tinget som opnar kl. 09.00 tysdag. Mellom sakene er ei rekkje store samferdselssaker: Finansieringsplan for Hardangerbrua, forslag til riks

Nytt kostnadsoverslag og justert finansieringsplan for Tusenårsstaden i Hardanger, kunst- og kultursenteret i Øystese, står på sakskartet. Innan opplæring er det saker om linjeval ved Sørås videregående skole, kjøp av fløy ved Sandsli videregående skole og strategisk handlingsplan for biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland 2005-2010. Revisjonsrapporten om Manger folkehøgskule og inntak av elevar frå Kina, og ein rapport om arealbruken i dei vidaregåande skulane skal handsamast.

Årsmeldingar og rekneskap
Årsmelding og rekneskap 2003 for Hordaland fylkeskommune står på sakslista, og det same gjer årsmeldingar for Vestlandsrådet, kontrollutvalet og klagenemnda. Økonomirapport og rekneskapsprognose for dei første fire månadene i 2004 skal også handsamast. Like eins skal fylkestinget handsama statusrapport 2003 for fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement.

Saksdokumenta
Saksdokumenta til tinget finn du her

Stanley Hauge

04.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart