Finansierer Hardangerbrua utan statlege stamvegmidlar

Hordaland fylkesting har med 47 mot ti (SV, RV og V) røyster vedteke ein finansieringsplan for Hardangerbrua der prosjektet vert fullfinansiert utan ordinære statlege stamvegmidlar. Av den samla prosjektkostnaden på 1615 mill. kr har fylkestinget vedteke

Sverre Kleivkås, som er leiar i aksjonen Hardangerbrua.no, overrekte kake til fylkestinget etter at vedtaket om Hardangerbrua var gjort. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen var dei første som fekk forsyna seg.

Finansieringsopplegg
Fylkestinget har vedteke slikt finansieringsopplegg: Bompengar 990 mill. kr, konsesjonskraftinntekter 355 mill. kr, kommunale tilskot 150 mill. kr, sparde ferjesubsidiar 115 mill. kr og kompensasjonsmidlar 5 mill. kr.
Fylkestinget ber Hardangerbrua A/S utarbeida bompengesøknad med grunnlag i dette finansieringsopplegget.

Fylkestinget har tidlegare vedteke at til og med 2012 skal 70 % av fylkeskommunen sine konsesjonskraftinntekter gå til Hardangerbrua.
Bjørn Lothe (SV) føreslo at fylkestinget skulle vedta å ha som intensjon at det ikkje skal løyvast konsesjonskraftmidlar til Hardangerbrua etter 2012. Forslaget fekk ti røyster (SV, RV og V) og fall.

Førehandsbompengar
I det skisserte opplegget er planlagt byggjestart for Hardangerbrua i 2007, med opning i 2010. I 2006 skal innkrevjinga av førehandsbompengar starta i sambandet Bruravik-Brimnes. Årleg inntekt av førehandsbompengane er rekna til 10 millionar kroner. Gjennomsnittleg påslag på ferjebilletten vert 28 kroner.

Gjennomsnitt på 110 kroner i bompengar
Frå bruopninga i 2010 skal det krevjast inn etterskotsbompengar i 15 år. Det vert vurdert å bruka Autopass. Det kan verta aktuelt med manuell innkrevjing i sommarmånadene. Det er rekna med at 2200 køyretøy vil passere brua kvart døgn, med ein årleg vekst på 1,5 prosent. Gjennomsnittleg inntekt pr. passering er sett til 110 kroner. Det tilsvarar ein auke på 40 prosent i høve til ferjebilletten.

Les kva Bergens Tidende skriv om Hardangerbrua

Stanley Hauge

09.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart