Ekstraløyving til Moster amfi

Hordaland fylkesutval har løyvd 150 000 kr i ekstratilskot til Moster amfi og kyrkjehistorisk senter AS. Midlane skal gå til å dekka underskot som selskapet har opparbeidd i 2002-03. Underskotet er på vel 300 000 kr og Bømlo kommune skal også dekka 150 00

Fylkesrådmannen seier seg i saksutgreiinga uroa over at det etter kort driftstid alt er driftsunderskot i rekneskapen for aksjeselskapet. Styreleiaren har forklart dette med at manglande vedlikehald i perioden 1995 – 2002 gjorde det tvingande nødvendig å setja bygningane i betre stand. Driftsunderskot vart resultatet.

I ein protokollmerknad frå eit samla fylkesutval heiter det: «Fylkesutvalet legg prinsipielt til grunn at verksemder som mottek støtte frå Hordaland fylkeskommune sjølv må stå ansvarleg for eventuelle driftsunderskot.»

Stanley Hauge

01.06.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart