- Sida fylkeskommunen vart etablert i 1976 er rolla som regional utviklar dramatisk endra. Frå å vera ein aktiv utiklingsaktør med kontroll over eigne virkemiddel er fylkeskommunen sin rolle redusert. Virkemidlane for regional utikling er overført til organ som Innovasjon Noreg, SIVA, Aetat, Statens Vegvesen osv.
Konflikt
Fylkesordføraren sa at dette skaper problem også for fylket sin overordna rolle som regional planleggar, i og med at fylkesplanen som eit overordna planverktøy lett kjem i konflikt med dei utøvande organ sine strategiar for sine ansvarsområde.
- Legitimiteten til fylket er svekka, ikkje fordi vi har gjort ein dårleg jobb, men dels på grunn av endra globale rammetilhøve og dels på grunn av ein medviten politikk frå sentralt nivå. Skal ein oppretthalda eit regionalt folkevald nivå er det klart at tida er overmoden for ei reform og styrking av dette nivået.
Regionane stimulerer økonomisk vekst
Fylkesordføraren viste til EU der regionane vert sett som ein arena der innovative løysingar og system vert skapte.
- Regionane er det sentrale forvaltningsnivået for stimulering av økonomisk vekst. Dette ser ein innan Lisboa-prosessen, EU sin strategi for å gjera Europa til den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda. Innovasjon og nyskaping er her to stikkord der det er regionane som får ansvaret for utvikling og gjennomføring av tiltak for å nå desse måla, sa Selsvold. Nyborg.
EUs fattige regionar
I samband med utvidinga av EU skal Noreg betale nær to milliardar kroner årleg til utvikling av EUs fattige regionar.
- Igjen er det regionane si evne til å skapa økonomisk vekst ut frå sin kunnskap om lokale tilhøve som er det sentrale. Frå norsk hald er det og signalisert eit ønskje om at norske regionar vil delta i utviklinga av desse programma og bidra til overføra sine erfaringar og kunnskapar om lokal næringsutvikling til dei nye regionane.
Integasjon mellom medlemslanda
Regionane vert også sett som ei kjelde til å skapa integrasjon mellom medlemslanda.
- EU stiller krav om at kvart medlemsland skal ha eit regionalt nivå (sjølv om dei ikkje legg seg opp i kva form eit slikt nivå skal ha) for å komma i inngrep med Strukturfondsprogramma og utvilingsprogram som Interreg.
Skal regionane kunne ivareta sin funksjon som drivkraft i den økonomiske utviklinga må det folkevalde nivået sin evne til å skape lokale mobilisering fortsatt bli tatt vare på og styrka, sa fylkesordførar Torill Selsvold. Nyborg mellom anna.
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av fylkestinget i Hardanger
Les talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget i Hardanger

Bjarte Brask Eriksen