Prosjektet ”Eldre som ressurs i skolens kunnskapsformidling” (ERSK) blir prøvd ut ved fleire vidaregåande skular i Hordaland. Laksevåg videregående skole er komen lengst og har mellom anna skipa til litteraturkafé der unge og eldre møttast til ei flott st
Det var dørgande stille då Robert Pedersen las novella si ”Døren” på litteraturkafén på Laksevåg videregående skole.
Populære skrivekurs for eldre
Initiativtakar til litteraturkaféen var lektor Odd Sætre som inviterte klasse 1B og deltakarar frå dei populære skrivekursa for eldre som Hordaland fylkeskommune med prosjektleiar Oddgeir Synnes i spissen har skipa til sidan 1999. Til litteraturkafén hadde dei eldre fått i oppgåve å skrive tekstar om å vere ung. Samstundes hadde elevane førebudd tekstar om å vere gammal.
Ikkje einvegsretta kommunikasjon
Litteraturkaféen er ein del av prosjektet ERSK - "Eldre som ressurs i skolens kunnskapsformidling" som no blir prøvd ut ved fleire skular. Laksevåg videregående skole er den av skulane som kome lengst i arbeidet og har gjort gode erfaringar i både norskfaget og historiefaget. Som lærar Odd Sætre understrekar, er ERSK oppteken av at kommunikasjonen mellom unge og eldre ikkje må bli einvegsretta.
Stemmene til dei unge og dei eldre
Altfor ofte blir eldre i skulesamanheng dregen inn for å fortelje om gamle dagar, utan at elevane er aktive med. Men som tekstane til elevane viser, får vi fram både stemmene til dei eldre og dei unge. Slik kan unge og eldre møtast og gjensidig lære av kvarandre, og lære kvarandre å kjenne.
Ikkje så tøffe
Som Olav Knappskog uttrykte: "Ungdommen verkar ikkje så tøff når du treff dei i slike samanhenger. Det er annleis når du ser ungdom på gata."
Les meir om møtet mellom dei unge og eldre, sjå bileta og les tekstane som vart framførde
Les meir om prosjektet ERSK - "Eldre som ressurs i skolens kunnskapsformidling"
Les meir om dei populære skrivekursa for eldre
Nettstaden Eldreveven

Bjarte Brask Eriksen