Hordaland fylkesutval har løyvd 1,5 mill. kr til ny Odda tannklinikk.
Klinikken i Odda har vore i drift sidan 1984, og generell oppussing er nødvendig. Behandlingsroma er små etter dagens krav, og to av dei må utvidast noko. Rørslehemma pasientar har til no fått behandling i den kommunale sjukeheimen, men ettersom den vert lagd ned må klinikken leggjast til rette for rullestolbrukarar, med m.a. trappeheis, rullestoltoalett og utvida døropningar.
Til planleging av ny tannklinikk i Fyllingsdalen har fylkesutvalet løyvd 250 000 kr.
Det må etablerast ny klinikk i Fyllingsdalen som erstatning for klinikk på Ortun skole, der skulen ønskjer å disponera arealet sjølv, og klinikken på Bønes, som har lite tidhøvelege lokale og vanskeleg tilgjenge for einskilde grupper.
Stanley Hauge