«Kulturhistorisk vegbok» som kom ut før jul i 2003, vart ei svært omtykt bok. I haust kjem «Naturhistorisk vegbok – Hordaland» som vert laga over tilsvarande leist.
Sette standard
Då vegboka kom ut hadde ho ikkje sin make her i landet. Inspirert av utanlandske verk, ikkje minst britiske, representerte ho noko nytt i den norske bokverda. Både når det gjeld innhald og grafisk form kan det seiast at «Kulturhistorisk vegbok – Hordaland» har sett ein standard for slike verk i Noreg.
Brekke og støttespelarar
Idémakaren og den drivande krafta bak vegboka var Nils Georg Brekke. Men han hadde med seg mange gode medarbeidarar og støttespelarar. Av dei mest sentrale var «bokmakaren» Svein Nord i forlaget Nord 4 og biletredaktør Ronny Skaar.
Utan den kreative og ustoppelege innsatsen Brekke gjorde både med innhald i boka og med å skaffa økonomi til prosjektet, hadde vegboka neppe vorte realisert. For det var skjer i sjøen under vegs og kritiske fasar då prosjektet var på kanten til å verta stoppa.
Over 35 000 vegbøker selde
Fram til 2003 var det selt 35 000 eksemplar av vegboka. Fylkeskommunen sin del av salet er inntektsført med 2,6 millionar kroner.
Denne summen tilsvarar – i følgje Brekke – bruttokostnadene med prosjektet, medrekna forskottering til trykking av nye opplag.
Vegboka vart realisert med tilskot frå Norsk kulturråd, Miljøverndepartementet, Kommunaldepartementet, Landbruksdepartementet, Vegdirektoratet og Distriktenes utbyggingsfond, og med sponsorstøtte frå Statoil og Gjensidige, i tillegg til ein stor finansieringsdel frå fylkeskommunen.
Nye produksjonar
Då Hordaland fylkesutval i 1989 vedtok å setja i gang arbeidet med Kulturhistorisk vegbok, heitte det i pkt. 5 i vedtaket: «Overskotet frå sal av boka skal fordelast 50/50 mellom forlaget og Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunens del av overskotet skal inntektsførast på ein særskild konto og avsetjast til nye bokproduksjonar.»
Formuleringa reknar eg med er signert Nils Georg Brekke. Med bruk av den bestemte forma «overskotet» har han anten vore svært framsynt eller optimistisk – kanskje begge delar.
Store ringverknader
Produksjonen av vegboka kan førast på kontoen for kulturinvesteringar med store ringverknader. Boka er i seg sjølv ei kjelde til folkeopplysning. Og opplagssuksessen til boka har sikra utgjevinga av ei lang rekkje bøker og publikasjonar med høg folkeopplysningsverdi. Desse publikasjonane har hatt same gode kvalitet som «moderboka».
Bøker og publikasjonar
Fylkeskommunen sine inntekter frå salet av vegboka har vorte sett inn i produksjon av bøker og publikasjonar ved Kulturlandskapssenteret, som har gjeve dei ut åleine eller med samarbeidspartnarar. Dei er produserte ved senteret, hovudsakleg i samarbeid med forlaget Nord 4.
Lista er slik:
Kulturhistorisk vegvisar Fedje (1995)
Navarsmeden (1997)
Stekka – Tørvikbygd, Kvam (1994)
Måbø – Eidfjord (1994)
Vågsbunnen – Bergen (1995)
Melingen – Åsane (1995)
Salhus – Bergen (1996)
Guddal – Kvinnherad (1998)
Tjeldstømarka – Øygarden (1999)
Engevik – Fusa (2000)
Fana – kyrkjestad i 1000 år (2002)
Kulturhistorisk vegvisar Etne (2001)
Hus på vetkysten (1997)
Landscapes of the Norh Atlantic (2003)
Under arbeid:
Naturhistorisk vegbok Hordaland (2004)
Folgefonna og fjordbygdene (2005)
Stor innsats bak publikasjonane
Den totale arbeidsinnsatsen med desse utgjevingane gjennom ti år, har Nils Georg Brekke summert til å tilsvara ca. 4,2 millionar kroner. – Her er det vanskeleg å henta fram eksakte tal ut over trykkekostnadene, fordi det store førebuande arbeidet som ligg bak kvar produksjon, både intellektuelt og grafisk, ligg inne i ein kontinuerleg arbeidsinnsats som det ville vera fåfengt å sitja og føra timelister for, seier Brekke.
Naturhistorisk vegbok
I haust kjem vegboka sin tvilling – «Naturhistorisk vegbok – Hordaland» – ut. Dette er eit sjølvstendig prosjekt som er forankra ved Universitetet i Bergen, og har eit eige produksjonsbudsjett på 4,9 mill. kr. Den naturhistoriske vegboka representerer ei vidareutvikling som fullt ut byggjer på grunnlaget og konseptet frå vegboka og Kulturlandskapssenteret er med i eit samarbeid om boka.

Stanley Hauge