Større elevkull, færre utan tilbod i vidaregåande skular i Hordaland

Sjølv om det er ein auke på 568 elevar frå 10.klasse i år samanlikna med 2003, har talet på søkjarar utan tilbod ved dei vidaregåande skulane i Hordaland ved 1. inntaksomgang gått ned med 166.Talet på elevar med Ungdomsrett som står utan tilbod etter 1. i

Nær 16 000 har fått plass
Ved 1. inntaksomgang er det tatt inn 15 759 elevar frå Hordaland og 177 frå andre fylke. Totalt 15 936 elvar. Av søkjarane frå Hordaland som har høgste prioritet for inntak (Ungdomsrett) er det tatt inn 15 424 elevar.
Av dei inntekne elevane har 82,5% fått tilbod om plass på sitt 1. kursønskje. Av søkjarane som kjem direkte frå ungdomsskolen har nærare 90% fått oppfylt sitt 1. kursønskje.
I fellesinntaket deltek alle dei vidaregåande skulane i Hordaland. I tillegg omfattar inntaket elevplassar som Hordaland kjøper ved skular i Rogaland og elles i landet.
Søkjartalet frå Hordaland (alle søkjargrupper) er 17.171 for skuleåret 2004/05. I tillegg kjem 204 registrerte søkjarar frå andre fylke (m.a. til landsdekkjande kurs). Samla søkjartal er såleis 17375.

Flest utan tilbod i Bergensregionen
Dei søkjarane som står utan skuletilbod etter 1. inntaksomgang, er i hovudsak dei som vel 30 karakterpoeng og mindre. Dei fleste utan tilbod er frå Bergens-regionen. For regionane Voss, Hardanger, Kvinnherad og delvis Sunnhordland og Nordhordland er det etter måten få som ikkje har fått plass.

Ein del av søkjarane utan tilbod var også søkjarar i fjor, og evt. tidlegare år. Dei har ein poengsum som gjer det nærast umogleg å få plass ved dei kursa dei ønskjer, og vert såleis gjengangarar i systemet. Ei relativt stor gruppe av desse søkjarane har også slutta i vidaregåande skule i eitt eller fleire skuleår.

Personleg samtale
Alle søkjarar med Ungdomsrett utan skuletilbod etter 1. inntaksomgang, vil bli inviterte til ein personleg samtale på Inntakskontoret. I samarbeid med den einskilde elev vil vi prøva å finne eit mest mogleg interessant tilbod til eleven seinare i inntaksperioden. Også dei søkjarane som ikkje hadde karaktergrunnlag for å søkja VKI/II vil verta inviterte til ein slik samtale, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.
Hordaland er framleis det einaste fylke i landet som gjev denne søkjargruppa eit slikt personleg tilbod.

Kan svara på nettet
1. inntaksomgang er ferdig, og meldingskort til alle søkjarane vart sendt ut frå Oslo fredag 9.juli. Svarfrist er sett til 24.juli. Det blir sendt ut purrekort til dei som ikkje har svarar innan fristen.
I år kan søkjarane gå inn på internettadressa www.vigo.no og sjå kvar dei har fått plass. Dei kan også svara på internett i staden for å senda tilbake svardelen på meldingskortet. Dersom søkjaren svarar både på internett og sender tilbake svarkortet, vil internettsvaret overstyra det skriftlege svaret dersom svara er ulike.
Ved å tilby internettsvar står søkjarane friare i høve til å svara sjølv om dei er på ferie, t.d. i utlandet. Føresetnaden er likevel at dei har tatt vare på brukarkoden og passordet dei fekk då dei søkte. Kode og passord står også opplyst på dei meldingskorta som no er sende ut til søkjarane.

Kurs med høg poenggrense
Nokre kurs har svært høg poenggrense for å få plass. Dette gjeld særleg grunnkurs musikk/dans/drama, medium og kommunikasjon og delvis idrettsfag. Ved Langhaugen v.g.s. er t.d. nedre poenggrense for inntak til grunnkurs musikk/dans/drama på 58,50 poeng (inkl. evt. tilleggspoeng for fagleg dugleik etter individuell prøve). Ein elev som har berre femarar på vitnemålet vil t.d. oppnå 55 poeng.

Poenggrensa litt ned i nokre kurs
Til grunnkurs formgjevingsfag har poenggrensene totalt sett i Hordaland gått litt ned, men det er framleis etter måten vanskeleg å få plass i Bergen. Nedre poenggrense ved grunnkurs byggfag og elektrofag har også gått ned, særleg i Bergen og Sunnhordland. Dette skuldast oppretting av nye klassar når det gjeld byggfag og lågare søkjartal når det gjeld elektrofag.

Venteliste allmennfag i Bergen
For første gong på mange år er det venteliste i Bergens-regionen til grunnkurs allmenne, økonomiske og administrative fag. I snitt ligg skulane i Bergen på ei nedre inntaksgrense på ca. 40 karakterpoeng etter 1. inntaksomgang. Dette vil nok bli vesentleg lågare seinare i inntaksperioden fordi det vanlegvis vert mottatt ei rekkje «nei-svar» til dette kurset fordi søkjarane har fått plass ved private vidaregåande skular.

Nye inntaksomgangar
2. inntaksomgang skal etter planen vere ferdig 4. august. 3. og siste inntaksomgang før skulestart skal etter planen vera ferdig 13. august. Skulestart ved alle dei vidaregåande skolane i Hordaland er onsdag 18. august.

Inntakskontoret, tlf. 55 23 94 60, har slik opningstid frå og med måndag 12. juli:
Ekspedisjonstid: 08.00 til 13.00
Telefontid: 08.30 til 13.00

Stanley Hauge

12.07.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart