Brevet er eit svar etter at fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok opp saka om den framtidige oljevernberedskapen i Hordaland. Fylkesordføraren frykta svekking etter at hovuddepoet for oljevernberedskap skulle flyttast frå Fedje til Florø.
I brevet frå fiskeriministeren blir det sagt at vurderingane som er gjort, samt vedtaka som er tekne, vil kome heile Hordalandsregionen til gode, med tryggare og meir effektiv oljevernberedskap.
Fiskeriministeren skriv at Fiskeridepartementet etter heilskapsvurdering har funne det riktig framleis å utnytte den sentrale plasseringa Fedje har i høve til skipstrafikken i området. Fiskeridepartementet har derfor bedt Kystdirektoraret om å opprette eit statleg mellomdepot på Fedje for å styrke den totale beredskapen i området. Utstyret som skal lagrast i dei statlege mellomdepoet høver betre for mobilisering frå Fedje enn utstyret som blir lagra der i dag.
Fiskeriministeren ser dette i samanheng med forsterking og flytting av oljeverndepoet i Bergen til Ågotnes. Slik Kystdirektoratet vurderer det vil den faktiske responstida frå depot til skadestad vere kortare frå Ågotnes enn frå Fedje, trass i den sentrale plasseringa av Fedje.
Samla vil den private, kommunale og statlege beredskapen i Nordhordland vere svært slagkraftig både med omsyn til tilgangen på beredskapsressursar og i høve til kort responstid. Det blir gjennomført årlege øvingar i området under statleg regi, basert nettopp på samhandling mellom privat, kommunal og statleg beredskap, skriv fiskeriminister Svein Ludvigsen i brevet.
Bjarte Brask Eriksen