Snøggbåtruta Askøy-Bergen ute på anbod

Hordaland fylkeskommune har no lyst ut snøggbåtruta Askøy-Bergen på anbod. Fristen til å koma med anbod er 15. september i år, og overgangen til anbodsdrift i sambandet er sett til 1. april 2005.

Anbodsperiode
For ruta Askøy-Bergen ber fylkeskommunen om anbod for perioden 1. april 2005 – 31. desember 2009, med opsjon på lenging av avtalen i fem år fram til 31. desember 2014.

Rutetider og takstar
Anbodet byggjer på ei vidareføring av dagens rutetilbod. Ruta skal følgja same takstregulativ som bussrutene i fylket, slik fylkeskommunen fastset. Fylkeskommunen stiller som krav at operatøren som får tilslaget skal ha eller etablera ei sjølvstendig juridisk eining i Noreg innan 1. mars 2005. Anbod og rapportering til fylkeskommunen skal skje på norsk.

Fylkeskommunen sitt krav i anbodsinnbydinga er at operatøren som eit minimum skal tilby følgjande rutetilbod:

· Avgangar på kvardagar og laurdagar
· Stive rutetider som korresponderer med bussavgangar til/frå Kleppestø og Nøstet
· Frekvens: 2 avgangar per time i kvar retning

· Opningstid:
– Kvardagar: Første avgang (frå Kleppestø) kl. 06:00 – siste framkomst (til Kleppestø) kl. 18:00.
– Laurdagar: Første avgang (frå Kleppestø) kl. 08:30 – siste framkomst (til Kleppestø) kl. 15:30.

Stanley Hauge

15.07.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart