Premiere for nytt reiselivstilbod - sjømat som turistattraksjon

På Bergen Cruise Festival den 17. juli var det premiere for eit nytt opplevingstilbod for besøkjande til Bergen. Med sjømat frå regionen som hovudattraksjon trakterte Fredrik Hald og Unni Austefjord frå Norsk Sjømatsenter kokkar frå 5 cruiseskip. På progr

Norsk Sjømatsenter på Bontelabo i Bergen har i sommar starta med presentasjon og servering av smaksprøvar av norske sjømatrettar til cruiseturistar

Sjømatkjøparar

Bergen er «sjømathovudstad» og senter for fiskeri, havbruk og havforsking. Dette kjem ofte i bakgrunnen når regionen vert marknadsført med sine fjordar, fjell og fossar.
Matkultur basert på råvarer frå fiskeri og havbruk kan og vere interessant å oppleve og samtidig er turistar gjerne sjømatkjøparar når dei kjem heim igjen. Kvart år passerer meir enn 100 000 cruiseturistar utanfor dørene til Norsk Sjømatsenter på Bontelabo til Bergen og ikkje alle ønskjer å sjå Trollhaugen eller Fløyen.

Presentasjon

Denne våren utvikla derfor Norsk Sjømatsenter eit presentasjonsopplegg om norsk sjømat for besøkjande turistgrupper, spesielt cruiseturistar. Fiskeri, havbruk og sjømat vert presentert gjennom lyd og bilete på storskjerm i det kulinariske teateret og etterpå kan ein oppleve demonstrasjonar og smaksprøvar.
Før turistane reiser heim får dei med ferdiglaga brosjyrar på eige språk frå Eksportutvalet for fisk med oppskrifter og informasjon om norsk sjømat dei kan kjøpe i heimlandet.

For å utvikla heilskapeleg reiselivsprodukt er matkultur ein viktig del av reiseopplevinga og ute ved kysten betyr dette tradisjonelle og nyutvikla sjømatprodukt. Dei reisande bør få oppleva sjømat i alle prisklassar som alternativ til pølse, hamburgar og pizza. Dette prosjektet er ein start og eit lite bidrag i denne retning.

Tilbodet vart oppretta med støtte frå det regionale utviklingsprogrammet for Hordaland.

Jan Hausken

26.07.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart