Ståle Brattbø (med seks månader gamle Karen på armen) ved Norheimsund vidaregåande skule (t.v.) og Sissel Skjelde ved Årstad videregående skole har skrive ei prosjektoppgåve som slår fast at sms-varsling betrar undervisinga. Lærar ved Høgskolen i Bergen og Åsane videregående skole, Sigfred Rossvold, seier at mobiltelefonen ikkje forstyrrar undervisinga.
Rossvold underviser også i praktisk pedagogikk ved Høgskolen i Bergen. Granskinga blir presentert i ei prosjektoppgåve av fire av hans studentar som tar praktisk pedagogisk utdanning ved Høgskolen. Desse er Ståle Brattebø, lærar i byggfag ved Norheimsund vidaregåande skule, Sissel Skjelde, lærar i teknisk teikning ved Årstad videregående skole, Svein Magne Myklebust ved Dale vidaregåande skule og Jan Erik Helle som søkjer arbeid i den vidaregåande skulen.
Alle har mobiltelefon
Prosjektoppgåva gjekk ut på å lage eit nytt undervisingsopplegg der sms-varsling via mobiltelefon blir brukt til å betre undervisinga.
- Alle har mobiltelefon. Vi har brukt sms-varsling i ein klasse og hatt ein referanseklasse der sms-varsling ikke var i bruk. Så har vi sett på forskjellane, seier Brattebø og Skjelde.
Auka læringsutbyte
Resultatet av denne granskinga viser at elevane i klassen med sms-varsling har fått auka læringsutbyte. Informasjonsflyten er blitt betre, og elevane brukar ikkje mobiltelefonen i utide. Den blir ein del av verktøyet i skuledagen.
Rossvold seier at dei bruker mobiltelefonen til kommunikasjon frå lærar til elev.
- Læraren sender meldingar om endringar, skifte av klasserom, endra timeplan, om læraren kjem for seint, etc. I byggfag er gjerne elevane ute på byggeplassar og ikkje lett å nå for læraren. Då fungerer sms-varsling framifrå, seier Rossvold.
Mobiltelefon uglesett
Men det har vore stor motstand i skulen mot bruk av mobiltelefon.
- Mobiltelefon er uglesett i skulen. Mange lærarar er i utgangspunktet i mot at vi skal bruke mobiltelefon. Den skal vere avslått og liggje i veska. Men denne granskinga viser at det fungerer bra. Mobiltelefonen forstyrrar ikkje undervisinga, og vi har redusert uønska bruk ved at vi viser tillit til elevane. Eg brukar sjølv mobiltelefon i eigen klasse ved Åsane vidaregåande skole, og det fungerer bra, seier Rossvold.
SMS sendt via PC
Meldingane til elevane blir sendt frå PC, via eit program i Microsoft Outlook. Dermed går det lik melding til alle elevane, og meldinga går ut samstundes til alle mottakarane. Systemet fungerer også slik at læraren kan sjå når meldinga blir motteken av den enkelte elev.

Bjarte Brask Eriksen