Det er ei viktig og gledeleg hending for Hordaland at Statoil no legg fram omfattande planar for å vidareutvikla raffineriet på Mongstad. Det er lenge sidan sist eit så stort prosjekt er lansert i tilknyting til landbasert industri. Dette vil styrkja drif
Regionen har lenge arbeidd for at Statoil skulle gå vidare med planane om å betra energiforsyninga til raffineriet og til regionen elles. Seinast 27. mai i år vedtok fylkesutvalet ei fråsegn retta mot regjeringa med støtte til Statoil sine planar på Mongstad. Eg går ut frå at regjeringa vil gje dei nødvendige løyve til dette prosjektet som eg ser som eit viktig industri- og miljøprosjekt, seier fylkesordføraren.
Utfordringa vår framover ligg i å få ein dimensjon på gassrøyret mellom Kollsnes og Mongstad som gjer at ei vidare utvikling av gassbasert industri kan finne stad utan nye store investeringar i gassrøyr. Vi vil arbeida aktivt for at gassrøyret får kapasitet som vil gjera det mogleg med vidare industriutvikling i Nordhordland og Sogn og Fjordane.
– Eg reknar med at staten som øvste organ med ansvar for verdiskaping og infrastrukturutbygging, vil engasjere seg for dette, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge