Ferskt kvalkjøt lansert i Bergen

Torsdag 1. juli lanserte Norsk Tradisjonsfisk ferskt kvalkjøt på Torget i Bergen. – Kvalkjøt er sunt, reint og har godt feitt. Dessutan er kvaliteten betre enn før, opplyser prosjektleiar Asbjørn Stavland i Norsk Tradisjonsfisk.

Asbjørn Staveland og Anne Elisabeth Myklestad i Norsk Tradisjonsfisk serverte ferskt kvalkjøt på Torget i Bergen. I bakgrunnen kvalfangstskuta MS Olavson frå Fedje.

Godt for helsa
Det ferske kvalkjøtet vart grilla på Torget og delt ut som smaksprøver. Dessutan blir det selt kvalkjøt på Torget og i Kjøttbasaren og servert på restauranten Tracteuren på Bryggen. Årsaka til at kvaliteten på kjøtet er betre, fortel Stavland kjem av nye metodar for kjøling og frysing rett etter fangst.
- Dette er første gongen vi lanserer kvalkjøtet på denne måten. Det helsemessige med kvalkjøt er viktig. Det inneheld mykje omega 3-feittsyrer som er godt for kroppen. Det er ikkje utan grunn at naturfolk som lever av sel og kval, har eit langt liv, understrekar Stavland.
Kvalkjøtet som no er å få i Bergen er fanga av kvalfangskuta M/S Olavson frå Fedje.

Lange tradisjonar
Kvalfangst har lange tradisjonar i Noreg. Den gamle kvalfangsten gjekk føre seg med harpunar frå robåtar på kvalartar som held seg flytande når dei er drepne. I moderne kvalfangst som starta på slutten av 1800-talet, nytter ein harpunkanon på raskare kvalsortar som søkk når dei er skote. Kval vart freda langs norskekysten i 1904, og ein starta då fangst i Antarktis, som vart drive fram til slutten av 1960-talet. I 1993 starta Noreg igjen kommersiell kvalfangst på den raske vågekvalen. Fangsten er kvoteregulert, og i 2004 kan norske kvalfangarar ta 670 dyr.

I små flokkar
Vågekvalen går åleine eller i små flokkar i fjordar og våger. Dei er i nordlege og sørlege strok i sommarhalvåret, og det er då fangsten går føre seg, medan vågekvalen i vinterhalvåret trekk til varmare strok. Vågekvalen er ein bardekval som livnærar seg på krill og stimfisk som sild og lodde. Kvalen kan verte opp til 10 meter lang.

Bearbeidd på Fedje
Mannskapet på M/S Olavsson har i år fanga 26 dyr på Store Fiskebank i Nordsjøen . Vågekvalen vert bearbeidd på kvalmottaket på Fedje. Mottaket kan levere ferskt og bearbeidd kvalkjøt av vågekval, men driv og med spanande vidareutvikling og foredling som til dømes middagspølse av kvalkjøt, jamfør den kjende Fedjekorven som no kan kjøpast på Fisketorget.

Norsk Tradisjonsfisk
Kvalskuta M/S Olavson ved Oddvar Husa er med i nettverket til Norsk Tradisjonsfisk, eit nasjonalt program som samordnar småskalaprodusentar som driv framstilling av fiskeprodukt med rot i gamle tradisjonar. Norsk Tradisjonsfisk borgar for produkt av god kvalitet basert på ferske råvarer, handverksmessig preg og geografisk tilknyting.

Bjarte Brask Eriksen

01.07.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart