
- Eg trudde eg kom til det kalde nord, smiler Juan Baquero som er assisterande rektor ved ein skule i Andalucia, heilt sør i Spania, her saman med Maria S. Olsen ved Bjørgvin videregående skole under den internasjonale lunsjen ved skulen.
18 rektorar og tilsette ved opplæringskontor frå 10 land i Europa har nyleg vore i Bergen for å studere undervisingsopplegget som er basert på elevdemokrati. Men søkinga til det internasjonale kurset ved Bjørgvin videregående skole hadde så stor søking at fleire står på venteliste i påvente av nytt kurs neste år.
Ryktet går i Europa
- Bjørgvin videregående skole har rykte ikkje berre her i landet, men og ute i Europa. Vi er glade for at det er så stor interesse for kursa våre. Vi er den einaste skulen i landet som har slikt kurs, og vi satsar på nytt kurs neste år, seier Olsen som står bak kurset saman med inspektør Sissel Aas og norsklærar Signe Bente Elgan.
I ei veke gjesta dei 18 pedagogane skulen i Bergen. Dei kom frå Spania, Storbritannia, Italia, Portugal, Hellas, Ungarn, Austerrike, Tyskland, Belgia og Frankrike. Kurset er støtta av EU gjennom det såkalla ARION-programmet. Det medfører at pedagogar frå alle land i EU kan søkje på kurset i Bergen.
Samarbeidslæring
Olsen fortel at pedagogane kjem hit for å høyre om skulereforma vi held på med og spesielt opplegget med elevmedbestemming. Dette går ut på at elevane er med på å planleggje undervisinga. Denne metoden er kalla samarbeidslæring. For at gjestene skulle få innblikk i pedagogikken heldt både elevar og lærarar føredrag.
Internasjonal lunsj
Hordalandsnytt treffer dei utanlandske gjestene under ein internasjonal lunsj i kantina på skulen. Juan Baquero er assisterande rektor ved ein skule i Andalucia, heilt sør i Spania.
- Eg trudde eg kom til det kalde nord. Det er heilt annleis her enn eg hadde førestelt meg. Eg har aldri vore i Noreg før og er forundra over at det er så varmt utandørs.
Baquero valde dette kurset i Noreg fordi det var eitt av få der spansk vart nytta Han snakkar ikkje engelsk.
- Det er interessant å lære om det norske skulesystemet. Heime på landsbygda i Spania arbeider eg ved ein skule som har 152 elevar på 12 ulike stader over eit stort område. Vi er 12 lærarar som reiser rundt og tek oss av undervisinga, seier spanjolen.
Få gode erfaringar frå Noreg
Susan Clarke er rektor ved ein katolsk skule i Liverpool med 1272 jenter i alderen 11 til 18 år.
- Vi har mykje å lære her. Heime i England held vi på med endringar i skulen, og vi håpar å ta med dei gode erfaringane frå Noreg. Vi har også ein del erfaringar som vi vil dele med deltakarane her, seier Clarke.
Maria S. Olsen seier at eit fellestrekk ved dei utanlandske pedagogane er at dei ikkje forstår kvifor vi her i landet har så få private skular. Vitjing på den katolske St. Paul skole stod difor på programmet, slik at dei skulle få sjå forskjellen på ein offentleg og privat skule.
Elles har dei utanlandske gjestene fått omvising i distriktet, vore på båttur på fjorden, sett Fløyen og mange av musea i Bergen.
Bjarte Brask Eriksen