Betre tannhelse for femåringane

Frå 2002 til 2003 ser vi ei markert betring i tannhelsa hjå 5-åringane i Hordaland. 62 % av dei var utan hol eller fylling mot 56 % i 2002, går det fram av årsmeldinga til Hordaland fylkeskommune for 2003.Andre fylke rapporterer same tendens. I plan for

Grafen viser utviklinga av tannhelsa til 5-åringar i Hordaland samanlikna med landsgjennomsnittet. 5-åringar i Hordaland har hatt litt dårlegare tannhelse enn landsgjennomsnittet, men skilnaden har vorte mindre dei siste åra.

Verre hjå 12-åringane
Hos 12-åringane ser vi ei lita forverring i tannhelsa. Gjennomsnitt DMFT (tenner med tannrote eller fylling) for 2003 var 2,0 mot 1,9 i 2002. Målet for 12-åringane i 2007 er eit gjennomsnitt på mindre enn 1,6 tenner med hol eller fylling. Skal det vera mogeleg å nå dette målet, må den uheldige utviklinga dei siste 4 åra bli snudd, skriv fylkestannlegen i årsmeldinga.

18-åringane betre
Tannhelsa til 18-åringane har blitt jamt betre det siste tiåret. I 2003 var gjennomsnittleg tal tenner med tannrote eller fylling hos 18-åringane 5,6 mot 5,9 i 2002. Det ser derfor ut til at målet om eit gjennomsnitt på under 5,2 tenner med tannrote eler fylling i 2007 skal vere innan rekkevidde. I 2003 hadde 14,3% av 18-åringane feilfrie tenner mot 12,6% i 2002.

Behandling i lystgass
Alle tannhelsedistrikt i Hordaland har eit tilbod om tannbehandling i lystgass. Tjuefire tannlegar utførte tannbehandling i lystgass ved 14 klinikkar i 2003, og i alt 418 pasientar vart behandla. Gjennomsnitt behandlingstid var 2,27 timar.

Narkose
Tannbehandling i narkose til prioritert klientell vert gitt ved Haukeland universitetssjukehus og ved Stord sjukehus. På Stord har det også blitt behandla vaksne pasientar i narkose. I Bergen var tal nye tilviste pasientar 149. Til saman 153 pasientar var behandla ved Haukeland universitetssjukehus og 40 pasientar på Stord. Det er rydda i ventelistene ved Haukeland, og per 1.1.04 var ventelista redusert til 64 personar.

Stoffavhengige
I samarbeid med Bergen kommune ved Strax- huset vart det i 2003 etablert eit lågterskeltilbod til personar med rusproblem ved tannlegevakta i Bergen. Det har tidlegare ikkje vore eit tannhelsetilbod tilpassa stoffavhengige personar i Hordaland, og dei første erfaringane med tiltaket er positive. Også i Os kommune er eit liknande forsøk sett i gang.

Stanley Hauge

20.07.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart