
Fire av dei tilsette ved Åsane vidaregåande skule: Undervisingsinspektør Alvhild Helldal (f.v.), lærar i trearbeidsfag, Sverre Riise, rådgjevar Sissel Valen og rektor Egil Hovda.
Skulen har ansvaret for undervisingstilbodet ved Bergen fengsel. Fengselet har plass til 250 straffedømde. Ein av dei straffedømde som Hordalandsnytt har snakka med, har berre godt å seie om tilbodet han får.
- Det er god terapi for meg å drive med dette. Eg har alltid hatt lyst å bli tømrar, men eg likar å pirke. Alt må vere perfekt. Så no utdannar eg med til snikkar og vil lage møblar og ulike ting, seier vedkomande som vil vere anonym.
Skal ta sveinebrev
Vedkomande har dette skuleåret gått på grunnkurs på snikkarlinja. Neste skuleår går han vidare på VK1, deretter er planen å gå ut i lære og ta sveinebrev.
I eit eige rom i fengselet er elevarbeid frå dette skuleåret utstilt. Den komande snikkaren viser oss eit flott, stort bord han har laga. Dessutan har han laga mange mindre ting, mellom anna eit backgammon-spel med fantastiske detaljar som kunne vore selt på den opne marknaden for fleire tusen kroner.
Men desse flotte arbeida blir nok ikkje for sal.
- Når vi spør kven som skal få det dei lagar, svarar dei alltid mora, kjærasten, kona eller sambuaren, så det blir nok i familien, seier rektor Egil Hovda.
Byggjer opp sjølvtillit
Lærar i trearbeidsfag Sverre Riise er svært stolt over dei fem elevane han har hatt dette skuleåret.
- Dei er svært flinke. Eg kan ikkje anna enn skryte av dei. Dette er førsteklasses handverk, seier Riise som er stolt over at dei skal utdanne seg vidare.
Helldal understrekar at undervisingstilbodet er svært meiningsfylt for dei straffdømde.
- Vi ser korleis elevar som har dårleg sjølvbilete får sjølvtillit. Vi byggjer opp elevar som er lite motiverte. Dei får gjere noko saman. Dei har lukkast med noko dei ikkje har lukkast med før.
Sjå bilete frå utstillinga i Bergen fengsel
Bjarte Brask Eriksen