Fylkesordførarane i dei fire fylka på Vestlandet står fremst i kampen for E39 Kyststamvegen. Frå venstre: Jon Aasen (Møre om Romsdal), Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane), leiar i Vestlandsrådet Torill Selsvold Nyborg (Hordaland) og Roald G. Bergsaker (Rogaland). (Foto: Oddmund Lunde.)
I tillegg må vi nok innrette oss på ytterlegare bompengeinnkreving på E39 Kyststamvegen i åra som kjem. Ein føresetnad for nye bompengeprosjekt er likevel at staten stiller opp med minst tilsvarande midlar som i den lokale dugnaden, seier leiaren i Vestlandsrådet, det felles politiske organ for dei fire fylkeskommunane på Vestlandet.
Samferdselsdepartementet kjem om kort tid med ei stortingsmelding om framlegget til Nasjonal Transportplan for 2006 – 2015 som seinare i vår skal drøftast i Stortinget. Vestlandsrådet har teke initiativ til ein kampanje for auka satsing på E39 Kyststamvegen.
«Næringsvegen E39»
— E39 Kyststamvegen er landets viktigaste næringsveg. Likevel medfører rammene for Kyststamvegen i forslaget til Nasjonal transportplan 2006-2015 nærast ei nullstilling av satsinga i høve til det Stortinget tidlegare har lagt opp til. Det vil føre til at fleire viktige investeringsprosjekt må utsetjast i lang tid framover. Når det kjem til faktiske løyvingar viser det seg og at E39 Kyststamvegen er blant «verstingane» når det gjeld oppfyllingsgrad i høve til vedtekne handlingsprogram dei seinare åra, seier Selsvold Nyborg.
«Finansieringspakke» under arbeid
Vestlandsrådet har starta arbeidet med ei utgreiing som skal gi ei samla vurdering av delvis bompengefinansiering av aktuelle prosjekt på E39 Kyststamvegen i dei fire fylka. Målet er at Stortinget seinare skal ta stilling til ei samla «finansieringspakke» for E39 Kyststamvegen. Utgreiinga skal vera ferdig i løpet av våren og vil då bli sendt fylkeskommunane og berørte kommunar til fråsegn.
Skal få fram «vestlandsperspektivet»
Nesten halvparten av eksportverdien av tradisjonelle varer skjer i regionen som soknar til E39 Kyststamvegen. I tillegg kjem olje og gass. Vestlandet er nasjonen sitt skattkammer. Men skal vi halde aktiviteten oppe, må vi ha gode kommunikasjonar. Kyststamvegen er ein føresetnad for ei utvikling på Vestlandet prega av auka verdiskaping og sysselsetting, meir kostnadseffektive offentlege tenester og betre velferd for folk flest. Dette håpar vi å få politikarane på Stortinget til å forstå, seier leiaren i Vestlandsrådet, Torill Selsvold Nyborg.
— Vi skal få fram «vestlandsperspektivet» for sentrale styresmakter og politikarar, mellom anna med å peika på dei gode resultata frå fleire veg- og bruprosjekt som er realiserte dei seinare åra. Kampen for ein høgverdig kyststamveg er ei sak vestlendingane kan stå saman om uavhengig av politiske og geografiske skiljeliner, seier Nyborg.

Stanley Hauge