Stor trafikkauke på Stord lufthamn i 2003

Stord lufthamn kan også i 2003 visa til stor trafikkvekst. Totalt reiste 29.655 personer over lufthamna. Dette er ein auke på 2.446 eller 9 prosent i høve til 2002, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Stord-Oslo-Stord
I 2003 reiste 29.250 personar med rutefly på strekninga Stord-Oslo-Stord. Golden Air hadde 24.203 passasjerar på sine rutefly, medan Coast Air hadde 5.047. Ein hadde i 2003 ein trafikkvekst på ruteflyginga på 3.763 passasjerar eller 15 prosent i høve til 2002. I 2003 har lufthamna registrert 405 charterpassasjerar. Regulariteten på ruteflyginga på lufthamna i 2003, har vore svært god. Berre nokre få avgangar er blitt kansellerte.

Konkurranse
1. april i 2003 fekk Golden Air konkurranse på ruta Stord-Oslo-Stord av Coast Air. I perioden april-juni hadde lufthamna opptil 6 daglege avgangar til/frå Oslo. Coast Air trappa i juli ned aktiviteten på Stord og flyg pr. i dag berre ein rotasjon Oslo-Stord-Oslo på fredagar og søndagar. Coast Air har tekniske base for flytypen ATR-42 på lufthamna. Golden Air aukar no opp med ein ekstra rotasjon Stord-Oslo-Stord onsdag ettermiddag. Frå 14. januar har lufthamna såleis 17 flygingar Stord-Oslo-Stord pr. veke.

Redningsoppdrag
I 2003 hadde lufthamna 4.504 registrerte flyrørsler. Av desse utgjorde ruteflyging 1.631 flyrørsler. Skule og instruksjonsflyging utgjorde 1.422 rørsler, medan småflytrafikken utgjorde 1.236 rørsler. Stord lufthamn avlaster Bergen lufthavn med skule og instruksjonsflyging for fly og helikopter. Lufthamna hadde i 2003 totalt 26 ambulanse- og redningsoppdrag. Det stadfestar at lufthamna er strategisk viktig i samband med ulykker og katastrofar, seier lufthamnsjefen.

Nye mål
Lufthamnstyret har som mål å nå 35.000 reisande i 2004 og har store forventingar til Aker/Kværner sine charterflygingar med personell frå Stord til Snøkvitprosjektet i Hammerfest.

Bjarte Brask Eriksen

06.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart