Frå store til mindre einingar
I dei 24 åra fylkeskommunen har hatt ansvaret for barnevernet (1980-2003) har det vore ei omfattande endring og utvikling i denne sektoren. Utviklinga har gått frå store einingar med mange born i institusjonar, til tiltak med få born og godt kvalifiserte tilsette. Talet på born og unge som barnevernet i fylkeskommunen tek seg av er i perioden om lag dobla til vel 900.
Fornying
Dei første fem åra fylkeskommunen hadde ansvaret, vart i hovudsak dei eksisterande tiltaka førte vidare. Samstundes kom planarbeidet for fornying i gang. Etter at den første planen for barne- og ungdomsvernet vart vedteken av fylkestinget i desember 1985, kom det fart i fornyinga som omfatta både bygningar og oppretting av nye tiltak for barna.
Fornyinga av bygningsmassen var viktig og heilt naudsynt. I perioden 1987-1996 fekk praktisk tala alle institusjonane nybygg eller heilt nyopprusta bygningar og det vart også oppretta heilt nye tiltak. Den siste institusjonen som fekk nytt bygg var Voss barneheim i 1999.
Varierte tilbod
Det som særleg har prega fylkesbarnevernet sidan 1985 er ei ekspansiv utvikling når det gjeld differensiering og fleksibilitet i tiltaka. Institusjonane har vorte meir spesialiserte som t.d. Øvsttunsenteret som står for utgreiing av unge med særleg komplekse åtferdsvanskar. Vi har også fått på plass tiltak der institusjon i samarbeid med familie og nærmiljø legg til rette for gode tiltak i den unge sitt heimemiljø. Ungdomsbasen i Fyllingsdalen, oppretta i 1989, var ei nyvinning som fleire fylke seinare har teke etter. Det nye Årstad familiesenter og MST-tiltaka (multisystematisk behandling) er andre døme på slike tiltak der målet vårt har vore i størst mogleg grad å kunna hjelpa barnet/ungdomen og familien i lokalmiljøet.
Familiebaserte tiltak
Akuttilbodet er vorte bygd ut ved oppretting av Akuttmottaket for ungdom (1987) og beredskapsheimane. I 2002 var Hordaland først ute her til lands med eit utgreiingstiltak for einslege mindreårige flyktningar (EM-tiltaket).
Fosterheimstilbodet har fått mykje større breidde. Desse familiebaserte tiltaka omfattar no beredskapsheimar, barnefamiliar, ungdomsfamiliar og vertsfamiliar. Beredskapsheimane vart utvikla for at små born skulle sleppa å bu i institusjon. Ungdomsfamiliane kom fordi det var vanskeleg å skaffa vanlege fosterheimar til ungdom.
Ungdomsfamiliane er eit tiltak som har vekt internasjonal interesse, noko som eg tek som eit teikn på at tiltaka våre i denne sektoren held høg kvalitet. På den andre sida hentar vi også impulsar frå utlandet, noko MST-tiltaket er døme på.
Samarbeid
Fylkeskommunen har bygd ut barne- og ungdomsvernet ved eigne tiltak og i samarbeid med private, både ideelle stiftingar og kommersielt drivne tiltak. Samarbeidet har i dei fleste tilfelle vore velfungerande. Fylkeskommunen etablerte på eige initiativ kvalitetssikringskontroll av dei private tiltaka, noko som no fungerer godt.
Gjennom avtalen med Kirkens SOS om plassar ved Styve gard var Hordaland tidleg ute med tilbod til born med rusproblem. Når det gjeld tilbod til born og unge med psykiske vanskar, må eg berre konstatera at vi har eit for dårleg utbygd tilbod her i fylket.
Familievernet
I 1998 fekk fylkeskommunen ansvaret for familievernet. I tillegg til dei familievernkontora vi fekk ansvaret for, har vi bygd ut kontor i Fana og på Stord. Familievernkontora er viktige for barnevernet då dei kan fanga opp konfliktar tidleg og såleis verka førebyggjande. Derfor må satsinga på familievernet satsast sterkare på i åra som kjem.
Viktige er også foreldre-barn tiltaka Bergen Mødrehjem (nybygg 1992) og Sudmanske foreldre og barn senter (1996).
Stanley Hauge