Skibuss til Vikafjellet

Det kan bli sett inn skibuss frå Stalheim til Vikafjellet. Samferdselsutvalet går inn for at søknaden til Voss Turbuss AS om skibuss blir godkjent.

Samferdselsutvalet tilrår at løyvet skal gjelde for ein prøveperiode på eitt år og at ruta ikkje skal utføre lokaltrafikk på strekninga Stalheim-Vinje-Myrkdalen-Vikafjellet.

Voss kommune er positiv til søknaden, mens HSD Buss AS, som har ruteløyve i området, ikkje har gjeve fråsegn.

Endeleg vedtak skjer i fylkesutvalet 22. januar.

Bjarte Brask Eriksen

17.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart