Stor interesse
Godt nytt bibliotekår – og velkomne til Bergen og Hordaland og til konferansen om auka samarbeid i eit nytt biblioteklandskap. Vi er stolte av at representantar frå så mange kommunar og fylke er til stades her i dag. Det tyder på at emnet for konferansen er aktuelt, sa Selsvold Nyborg i velkomsttalen.
Samarbeid i Hordaland
Fylkesordføraren viste til at samarbeid over kommunegrensene på bibliotekområdet er ikkje nytt i Hordaland. Her har vi sidan 1990 hatt eit organisert samarbeid mellom sju Nordhordlandsbibliotek. Dei samarbeider om samlingsutvikling, fordeling av innkjøpsansvar for spesielle emne, og felles bokdatabase.
Det er vanskeleg for mindre kommunar å gje innbyggjarane sine eit breitt spekter av bibliotektenester, mellom anna fordi ein har små personalressursar og manglar eit lokalt fagmiljø. Ved samarbeid på tvers av kommunegrenser kan ein nytta ressursane betre og skapa grobotn for betre tenester, trekte Selsvold Nyborg fram.
Felles biblioteksjef?
Biblioteklova seier at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. I juni 2003 blei det gjort endringar i lova der det mellom anna blir presisert at folkebiblioteket kan drivast av kommunen aleine, eller i heilt eller delvis driftsfellesskap med annan kommune, fylkeskommunen eller statleg institusjon. Departementet kan gjera unntak frå første ledd for forsøksverksemd, for eksempel at to kommunar kan ha felles biblioteksjef.
Som del av prosjektet ”Breiband til alle i Hordaland” har Hordaland fylkesbibliotek tatt initiativ til fleire samarbeidsprosjekt mellom små kommunar i fylket. Vi har enno ikkje opplevd ein felles biblioteksjef, men i eit fylke der 11 kommunar framleis manglar biblioteksjef med fagutdanning er det ikkje utenkelig at vi snart vil få døme på dette, sa fylkesordar Selsvold Nyborg.
Fylkeskommunen pådrivar
Hordaland fylkeskomune har vore ein pådrivar for bibliotekutviklinga i Hordaland, og såleis har fylkesbiblioteket alt lenge fungert som ”regional utviklingsaktør”, som no skal vere den nye rolla til fylkeskommunen. Gjennom fylkesdelplanen for bibliotek i Hordaland, som vi har hatt sidan 1994, har alle folkebiblioteka i Hordaland vore med på ulike prosjekt i samarbeid med kvarandre, med fylkeskommunen eller andre. Prosjekta har utløyst statlege tilskot, og ført til interessante utfordringar for biblioteka i kommunane. Eit resultat av bibliotekplanen er av vi no har eit bibliotekfagleg utdanningstilbod ved Høgskolen i Bergen.
Bibilotekplanen
Fylkesordføraren sa at gjennom bibliotekplanen vil Hordaland fylkeskommune vera med på å vidareutvikla og styrkja biblioteka som kompetansesenter og møteplass i lokalsamfunnet. Fri tilgang på informasjon og leseopplevingar er viktig for demokratiet. I utviklinga av lokaldemokratiet har biblioteka spela ein viktig rolle, og eg håpar at dette vil halda fram.
Revidert fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland vart vedteken av Hordaland fylkesting i oktober 2002. Denne planen er saman med Biblioteklova det viktigaste styringsverktøyet for arbeidet i fylkesbiblioteket, og har vore ei drivkraft i nettverksbygginga mellom folke-, skule-, fag og forskingsbibliotek i fylket.
Handlingsprogram
Handlingsprogrammet for 2002-2005 legg opp til å styrkja og synleggjera bibliotektenestene på alle plan i samfunnet. Det blir særleg lagt vekt på utvikling av bibliotekstrukturen og samordning av bibliotek-, kultur- og kunnskapsressursane i Hordaland. I tillegg kjem det nye ABM-perspektivet, med samarbeid mellom arkiv, bibliotek og museum.
For å styrkja bibliotektenestene i fylket vert det lagt stor vekt på bibliotekkompetanse – for bibliotektilsette, politikarar, bibliotekeigarar/administrasjon og brukarar av bibliotektenestene.
Nettverk og samarbeid
I Hordaland er det 33 kommunar. Ein kan ikkje venta at dei kommunar i Hordaland som har færre enn 6000 innbyggjarar (20 stk), kan produsera fullgode bibliotektenester. Fylkeskommunen kan byggja faglege nettverk, vera ein aktiv samarbeidspartnar for kommunane og driva kursverksemd og kompetanseoppbygging. Interkommunalt samarbeid og nye samarbeidsformer kan vera med på å sikra innbyggjarane gode og likeverdige bibliotektilbod, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ved opninga av bibliotekkonferansen i Bergen 19. januar.

Stanley Hauge