Klassane 1 est a og b ved Årstad videregående skole forsyner seg grovt frå premiebordet. I går fekk dei vita at elevar frå desse klassane har vunne den grafiske tevling i samband med ny studiekatalog. I tillegg fekk 13 elevar glà-meldinga om at dei har gå

Inntaksleiar Nils Skavhellen overrekte premiane til vinnarane: Miriam Tumyr vann tevlinga og 2500 kroner for beste framsideillustrasjon. I tillegg fekk Helene Ingebrigtsen, Ada Hjertholm og Kari Tønseth pengepremiar.
I samband med utgjeving av ny skolekatalog for vidaregåande opplæring i Hordaland, lyste Opplæringsavdelinga ut ei tevling der deltakarane vart inviterte til å koma med framlegg til framside illustrasjon og vignettar som skal nyttast i katalogen. Klassane 1 est a og b nytta denne tevlinga i undervisninga. Inntaksleiar Nils Skavhellen presenterte i går resultatet. Alle vinnarane kom frå desse to klassane. Miriam Tumyr vann tevlinga og 2500 kroner for beste framsideillustrasjon. I tillegg fekk Helene Ingebrigtsen, Ada Hjertholm og Kari Tønseth pengepremiar for beste vignett/illustrasjonar.
Skolekatalogen har eit opplag på heile 28.000 eksemplar.
40.000 til klassetur
Like etter at desse premiane var fordelt, kunne tysklærar Olaug Engesæter opplysa at 13 elevar i dei to klassane hadde vunne ei nasjonal tysk tevling. Dei hadde presentert Bergen som reisemål både gjennom tekst og grafisk uttrykk. Premien er på 40.000 kroner frå Den norsk-tyske Willy Brandt-stiftelsen. Pengane skal nyttast som tilskot til klassetur til Tyskland.
- No må vi saman drøfta kvar i Tyskland vi skal reisa, seier Olaug Engesæter, som har grunn til å vera svært godt nøgd med det framifrå resultatet.
Nils Marton Aadland