Ny ekspressbuss Bergen - Sandnes

Fylkesutvalet i Hordaland rår til at turbusselskapet Sverre Haga AS, Sandnes, får oppretta ekspressbussamband mellom Sandnes og Bergen under namnet «Kyst-Expressen» med to daglege rundturar.

Avgjerd i saka vert teken av Samferdselsdepartementet.

I søknaden skriv Sverre Haga at han ønskjer å starte så snøgt som mogeleg, og gjerne frå 1. februar. Etter opplegget for den nye ruta skal første avgang frå Bergen vera klokka 09.00 med framkomst Sandnes klokka 15.00. Andre tur startar klokka 15.00. Søndagane går det ein tur klokka 17.00. Det blir tilsvarande turar frå Sandnes klokka 06.45, klokka 15.45 og klokka 10.30. Taksten mellom Bergen og Stavanger blir 370 kroner.

Etter rundskriv frå Samferdselsdepartementet er det ikkje lenger grunnlag for å nekte etablering av parallelle ekspressbussruter. Fylkesutvalet tilrår ein del vilkår for løyvet, mellom anna at det ikkje skal utførast lokal persontransport mellom Bergen og Halhjem og heller ikkje andre stader i Hordaland utan godkjenning. Vidare må selskapet dekkja ein del av felleskostnadene med trafikantinformasjon, bruk av terminalar etc., som står i rimeleg høve til selskapets del av det samla rutetilbodet på strekninga.

Sverre Haga AS har i dag tre turvognløyve og utfører turkøyring i Stavanger-området og til Danmark/Tyskland.

Stanley Hauge

26.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart