Konsesjonskraftpengar til utvikling i Hordaland

Hordaland fylkeskommune utfordrar kommunane og regionråda i fylket til å koma med forslag til gode regionale utviklingsprosjekt som skal delfinansierast med tilskot frå fylkeskommunen sine konsesjonskraftinntekter. Fylkeskommunen reknar med å ha 11-12 mil

Større prosjekt
Fylkeskommunen ynskjer å satsa på eit fåtal større prosjekt som er viktige for regional utvikling. Ulike ”fyrtårnprosjekt” der ein kan skapa noko unikt for heile eller delar av fylket, eller prosjekt som medverkar til å skapa attraktive og konkurransedyktige regionar vil vera av spesiell interesse, heiter det i invitasjonsbrevet frå fylkesrådmannen.

Gode prosjekt
Vi ynskjer framlegg om gode prosjekt som er mogne nok til å ta imot fylkeskommunal støtte dei næraste åra. Prosjekta må ha ei medfinansiering frå kommunar eller andre aktørar som sikrar solide prosjekt med høg lokal prioritering, skriv fylkesrådmannen.
Fylkeskommunen krev ikkje at alt er utgreidd ved innsending av søknader, men ber om at stadfesting av økonomisk engasjement i prosjektet vert ettersendt så snart som råd.

Kommunane må engasjere seg
Fylkeskommunen ser det som vesentleg at kommunane lokalt engasjerer seg i prosjekta, men også andre aktørar enn kommunane kan senda inn søknad. Fylkeskommunen ber om at kommunane og regionråda informerer om desse midlane til andre aktørar som ein veit arbeider med viktige regionale prosjekt.

Regional utvikling
For fylkeskommunen er det ei viktig oppgåve å medverka til regional utvikling. Som del i dette arbeidet vedtok fylkestinget i desember 2003 at ein framover skal nytta delar av inntektene frå sal av konsesjonskraft til investeringsføremål som er viktige for regional utvikling. For åra 2004, 2005 og 2006 vil ein truleg samla ha 11-12 millionar kroner til rådvelde, utover dei midlane som alt er løyvd til bygging av cruiseskipskai i Eidfjord.

(Fylkestingssaka (sak 73/03) er tilgjengeleg på http://www.hordaland-f.kommune.no/polsak21/default.asp
fylkestinget, 2003 – møtet 9.-10. desember.)

Les pressemelding om saka

Oppsummeringsskjema for aktuelle prosjekt

Stanley Hauge

22.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart