Fylkesutvalet er samd i tilrådinga frå Statens vegvesen om at alternativet S1+S6+N6 (lang tunnel) til 717 millionar kroner er det beste for Jondalstunnelen, men går inn for å byggja anlegget etter det billegaste alternativet.
Arbeidarpartiet føreslo at også alternativ N2 på Jondalssida skulle takast med i den vidare vurderinga. Forslaget fekk sju røyster (Ap, SV, V, SP) og fall. Venstre føreslo at både S6 på Kvinnheradssida og N2 på Jondalssida skulle koma med i den vidare vurderinga, men dette forslaget fekk berre Venstre si røyst.
Senterpartiet føreslo at fylkesutvalet skulle tilrå alternativet S1+S9+N2. Forslaget fekk tre røyster (SV, Sp) og fall.
Fylkesutvalet ønskjer å realisera vegprosjektet innafor overgangsordninga for store fylkesveganlegg. For å få dette til, må anlegget byggjast så snart som mogeleg. Utvalet ber om at det vert sett i gang ei rask utgreiing av tiltak som kan redusera kostnaden, mellom anna ved mindre tunneltverrsnitt. Fylkesutvalet vil ha vurdert ein reduksjon frå tunneltverrsnitt frå T8,5 til T8 som er tilsvarande det Folgefonntunnelen er bygd etter. Venstre og SV ville også at det i dette avsnittet skulle takast med følgjande formulering: «M.a. ved auka finansiering ved garantiar mot konsesjonskraftoverskot, refusjonar for auka arbeidsgjevaravgift og liknande tiltak.» Tilleggsforslaget fekk tre røyster (SV og V) og fall.
Fylkesutvalet (samrøystes) vil ha utgreidd om det er mogeleg å styrkja finansieringa av prosjektet. Fylkesrådmannen får i oppdrag, i samarbeid med kommunane i området og Statens vegvesen, å leggja fram ei sak om mogeleg finansieringsopplegg og bompengesøknad til fylkestinget i juni i år.
Fylkesutvalet godkjende samrøystes konsekvensutgreiinga for Jondalstunnelen.
Bjørn Lothe (SV) føreslo at fylkesutvalet skulle utsetja handsaminga av saka og senda ho attende til samferdselsutvalet. Før vedtak vert gjort, ville Lothe at kommunane Jondal, Odda og Kvinnherad skal koma med fråsegner. Forslaget fekk berre SV sine to røyster og fall.
Stanley Hauge