Hordaland fylkesutval har fordelt vel 1,5 mill. kr til kulturtiltak i fylket i 2004. Fordelinga omfattar 255 000 kr til særlege tiltak for born og unge, 360 000 kr frå sekkeposten stønad etter vedtak, 550 000 kr er midlar til tiltak innan fylkesdelplanen
Fylkesutvalet har gjeve Hordaland Barne og Ungdoms Råd fullmakt til å handsama og fordela tilskot til fylkesfemnande barne og ungdomsorganisasjonar for 2004. Summen som er til fordeling er 981 000 kr.
Særlege tiltak for born og unge
Desse får tilskot frå posten særlege tiltak for born og unge:
Regionsorkesteret ”Ung Symfoni” kr 40.000
Hordaland Ungdomskorps kr 40.000
Barnas Festspill kr 30.000
Norsk Scenekunstbruk i Hordaland kr 35.000
Teaterturnear i Hordaland kr 50.000
Ungdomsportalen kr 60.000
Stønad etter vedtak
Frå budsjettposten stønad etter vedtak får desse tilskot:
Bergen Bylarm kr 50.000
Bergen Kammermusikkfestival kr 50.000
Barneteaterfestivalen på Stord kr 130.000
Bergen Kirkespill kr 50.000
Bergen Big Band kr 40.000
Bergen Kammermusikkforening kr 40.000
Fylkesdelplan for kultur
Tiltak i fylkesdelplanen for kultur som får tilskot i 2004 er:
Vidareutvikla dei ulike regionsentra i Hordaland kr 50.000
Fleirkulturell formidling kr 40.000
Samtidskunst kr 260.000
Vitalisera lag og org. kr 100.000
Kulturprosjekt Baltikum kr 100.000
Fylkesdelplan for kulturminne
Kulturminnetiltak som får midlar i 2004:
Forvaltningsplan for automatisk freda kulturminne kr 250.000
Forvaltingsplan for freda bygg og anlegg kr 150.000
Stanley Hauge