Fremjar ikkje motsegn mot «Fjell-plan»

Reguleringsplan for Gullinakken – Liaskjæret i Fjell kommune viser ei moderat utbygging av bustadhus, tilpassa den naturlege veksten i grenda. Utbygging av ei mindre båthamn slik det går fram av planen, vil opna for bruk av ein liten del av strandsona,

Mindretalet i fylkesutvalet støtta fylkesrådmannen sitt forslag om å fremja motsegn på bakgrunn av at reguleringsplanen medfører nedbygging av verdifull strandsone.

I saksutgreiinga heiter det: « Planforslaget er ikkje i tråd med kommuneplanen. Området ligg i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område), sone C, der bustadbygging ikkje er tillete. Planen legg til rette for etablering av båthamn, bygging av naust og bustadhus, alt innafor 100-meters belte. Samla sett legg planframlegget beslag på over 200 meter urørt strandline. Ved oppstart rådde vi i frå at saka vart framlagt. Strandsone som har spesielle kvalitetar som denne, er er det særleg viktig å hindre nedbygging av.»

Stanley Hauge

26.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart