Ein siger for menneskeverdet

- Kurt Nilsen si tolkning av ”Beautiful Day” vart ein vakker dag for musikken og for menneskeverdet. Folk over store deler av verda har teke eit oppgjer med dei negative personkarakteristikkar mange dommarar har kome med i konkurransen.

Dette seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i sin gratulasjon til Kurt Nilsen frå Bergen som vann World Idol-konkurransen i London 1. nyårsdag. Nyborg meiner både Kurt og andre har vore utsett for direkte nedverdigande kommentarar frå domarar som går på heilt andre ting enn songen.

- Det er ein tendens vi ser i media og i samfunnet at folk i sin utsjånad og framferd skal passa inn i ein standard. Det fører til stort press på mange unge og fører med seg ei usunn kroppsfiksering. I framtidige konkurransar bør TV 2 og andre ta eit oppgjer med denne typen haldningar og kommentarar, seier Nyborg.

- Kurt har ein utruleg folkeleg sjarm og stemma hans set spor over heile verda. Folk har visst å setja pris på det konkurransen handla om, og det skal bli spanade å følgja Kurt framover. Her i Hordaland er vi utruleg stolte over rørleggjaren som rørte heile verda ved inngangen til 2004, sluttar Nyborg.

Nils Marton Aadland

01.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart