Bompengar på veg til Hardangervidda

Hordaland fylkesutval rår til at Eidfjord kommune får høve til å krevja inn bompengar på den kommunale Hjølmovegen som går frå Eidfjord til Hardangervidda. Bompengar vert innført for å avgrense trafikken, minka ureininga og for å få pengar til vedlikehal

Det er Samferdselsdepartementet som avgjer saka, og den endelege innstillinga frå fylkeskommunen er det fylkestinget som gjev – det skjer på fylkestinget 16.-18. mars.

Eidfjord kommune har søkt om å få løyve til å innføre bompengar på vegen som går frå Mylnestveit i Øvre Eidfjord til Berdøla bru i Berastøldalen. Bompengesatsane er tilrådd til 30 kroner for einskildtur, 50 kroner for sesongkort for bygdefolk, og 100 kroner for sesongkort for andre.

Fylkesutvalet går inn for at grunneigarar som har gitt fråsegn om fri grunn til vegen og som faktisk har avstått grunn til offentleg veg på strekninga Mylnestveit-Vivelid, vert fritekne for å betala bompengar.

Av tilrådinga til fylkesrådmannen går det fram at Hjølmovegen ikkje er å rekne som vanleg kommunal veg, men er bygd for å gje ålmenta og grunneigarane lettare tilkomst til den vestlege delen av Hardangervidda. Dei fleste som nyttar vegen er utanbygdsbuande og utanlandske turistar.

Stanley Hauge

24.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart