Bompengar på veg til Hardangervidda

Samferdselsutvalet i Hordaland tilrår bompengar på den kommunale Hjølmovegen som går frå Eidfjord til Hardangervidda. Bompengar blir innført for å avgrense trafikken, minke ureininga og for å få pengar til vedlikehald.

30 kroner for einskildtur
Eidfjord kommune har søkt om å få løyve til å innføre bompengar på vegen som går frå Mylnestveit i Øvre Eidfjord til Berdøla bru i Berastøldalen. Bompengesatsane er tilrådd til 30 kroner for einskildtur, 50 kroner for sesongkort for bygdefolk, og 100 kroner for sesongkort for andre.

Gratis for grunneigarar
Samferdselsutvalet går inn for at grunneigarar som har gitt fråsegn om fri grunn til vegen og som faktisk har avstått grunn til offentleg veg på strekninga Mylnestveit-Vivelid, blir fritekne for å betale bompengar.

Utanlandske turistar
Av tilrådinga til fylkesrådmannen går det fram at Hjølmovegen ikkje er å rekne som vanleg kommunal veg, men er bygd for å gje ålmenta og grunneigarane lettare tilkomst til den vestlege delen av Hardangervidda. Dei fleste som nyttar vegen er utanbygdsbuande og utanlandske turistar.

Saka går vidare til fylkesutvalet 22. januar og fylkestinget 16. mars. Endeleg vedtak skjer i Stortinget.

Bjarte Brask Eriksen

16.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart