- Målet er ein mobbefri skule

Hordaland fylkeskommune arbeider målretta for å motverka all form for mobbing i dei vidaregåande skulane som fylkeskommunen eig og driv. - Denne innsatsen blir vidareført og styrkja i år. I eit stramt budsjett har vi sett av 250.000 kroner til tiltak og p

Statsminister Kjell Magne Bondevik nytta nyttårstalen sin til å slå fast at kampen mot mobbing held fram og skal styrkast på fleire område.
- Dette er ei viktig påmining til oss alle om å ta denne problemstillinga på alvor. Hordaland fylkeskommune har hatt og vil ha eit sterkt fokus på å motverka mobbing også i åra som kjem. Målet er ein mobbefri skule, og det målet skal vi nå, understrekar fylkesordføraren.

Ho gir statsministeren ros for engasjementet hans i denne viktige saka.

- Mobbing på skulen og arbeidsplassen er forakt for menneskeverd og likeverd, og bryt med viktige verdiar som respekt og toleranse. Vi ønskjer at alle skal føla seg trygge og bli verdsett. Det handlar om å reisa eit sterkare engasjement for menneskeverdet, påpeikar fylkesordføraren.

Nils Marton Aadland

02.01.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart