Vestlandsrådet ber statsministeren påskunda bygging av gassferjer

Vestlandsrådet stiller seg undrande til at endeleg klarsignal frå Samferdselsdepartementet om bygging av gassferjer til samband på Vestlandet trekkjer ut. I eit brev til statsministeren ber Vestlandsrådet om at det straks vert teke avgjerd slik at byggjea

Stortinget gav i samband med revidert statsbudsjett 2003 samferdselsstyremaktene fullmakt til å inngå avtale om bygging. Meir enn eit halvt år seinare har Samferdselsdepartementet enno ikkje gjeve klarsignal for bygging av nye ferjer. Både trafikkselskap, trafikkantar og verftsindustrien med sine tilsette ventar utolmodig på regjeringa si godkjenning, seier leiar i Vestlandsrådet, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Frå Vestlandsrådet si side må vi minna om at vi har nedslite materiell og avgrensa kapasitet i mange riksvegferjesamband. Bygging av nye gassdrivne ferjer vil kunna gje betre transporttilbod, lågare transportkostnader, betra tryggleik og ein vesentleg miljøgevinst mellom anna i form av reduserte NOx-utslepp, heiter det i brevet.

Selsvold Nyborg trekkjer også fram at denne nødvendige fornyinga av den norske ferjeflåten vil stimulera til utvikling av ny teknologi og opna for oppdrag for ein verftsindustri som slit med dårleg ordretilgang.

Vestlandsrådet føreset at kontraktane vert utforma som utviklingsoppdrag slik at teknologiutviklinga og sysselsetjingseffekten kjem i Noreg.

Stanley Hauge

02.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart