Vart beste ungdomsbedrift med unik badehette

Ungdomsbedrifta ”UB Badehette” ved Bjørgvin videregående skole gjekk heilt til topps i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland. Dette er tredje året på rad konkurransen om beste ungdomsbedrift i dei vidaregåande skulane blir skipa til. 47 kandida

- Vi er best! jublar dei to jentene i UB Badehette, Birgitte Nybø (biletet, t.v.) og Anne Marthe Økland, som har gjort suksess med sal av badehetter.
- Dette er ikkje ubehagelege badehetter laga av gummi. Desse er laga av stoff og er mykje betre å ha på hovudet, seier dei to jentene som skal vidare til den norske finalen for ungdomsbedrifter i Lillestrøm 22.-24. april. Vinnaren der går vidare til internasjonal finale på Malta.

Salet går strykande
Dei to jentene går på VK1, sal og service. Badehettene blir laga i Tyskland. Jentene kjøper dei hos importøren på Flisa. Og salet går strykande.
- Vi selde 500 til jul i fjor og tener ein del pengar.

I matroslære
I alt konkurrerte ungdomsbedriftene i 10 ulike klassar. Vinnar av beste utstilling/stand vart UB Mesterverk ved Rubbestadneset yrkesskule.
- Vi går på VK1 linje for sjøfartsfag, og skal gå ut i lære som matrosar, seier Håvard Kråkenes og Solveig Amalie Tveita Tingvoll.
På skulen lærer dei mellom anna sveising, kutting, sliping og brenning. Denne kunnskapen nyttar dei til å lage røykeri, speidargrill og krabbekokar i rustfritt stål. Spesielt røykeriet er dei nøgde med. Det kan brukast til både kald- og varmrøyking av kjøtt og fisk. Og produktet er så populært at dei har tingingar nok til produksjon heilt fram til jul.

Var aldri i tvil
I juryen som kåra beste utstilling var mellom anna fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som delte ut premiane.
- Vi var aldri i tvil om kva dei seljer, anten vi er på speidartur eller i hagen, sa Nilsen til UB Mesterverk. 2. plass gjekk til UB Bil & Bakst som Nilsen omtala som beste estetiske utstilling. På 3. plass kom Jungel Klubben UB ved Sotra vidaregåande skule som Nilsen sa var den mest koselege utstillinga.
- Å komme til standen deira var som å kome inn i Hakkebakkeskogen, sa fylkesvaraordføraren.

Selt for meir enn 15.000 kroner
Ting á Tinn UB ved Sotra vidaregåande skule har selt for meir enn 15.000 kroner. Dei satsar på tinnprodukt laga av Hafstad Tinn på Fedje.
- Vi har stand på skulen, Sartor senter og Vestkanten. I tillegg marknadsfører vi oss gjennom internett, Radio Sotra og Vestnytt, seier Elisabeth Gundersen, Trine Maren Aasebø, Linda Aune og Silje Borthen som går på VK1, sal og service.

Sjølvlaga snop
Sukkertroppen UB ved Stord yrkesskule satsar på snop som dei lagar sjølve. Ingrediensane kokar dei i gryte i 70 grader og etterpå ruller og former. Tre jenter står bak ideen: Trude Halvorsen, Karin Westerheim og Mathilde Grønås. Dei går på VK1, sal og service.

Eventyrfigurar
Heimelaga produkt lagar og Rulle UB ved Fana gymnas. Dei tok to 2. plassar for nest beste reklamefilm og nest beste miljøbedrift.
- Vi kjøper filt i forskjellige fargar og former til figurar i lunkent grønsåpevatn. Til jul lagde vi mykje julefigurar. Då selde vi det meste, men elles lagar vi alle typar eventyrfigurar. Vi må vere kreative, seier dei tre jentene Karen Johannessen, Borghild Vikøyr og Anette Sørensen som går på økonomisk-administrativ linje.

Tredje år på rad
Dette er tredje året på rad fylkesmessa for ungdomsbedrifter går av stabelen. Arrangør er den ideelle organisasjonen Ungt entreprenørselskap, Hordaland, som NHO, Hordaland, har teke initiativ til å skipe. Hordaland fylkeskommune og mange andre offentlege og private bedrifter står bak organisasjonen.
I alt er det dette skuleåret 90 ungdomsbedrifter i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Resultat:

Beste reklamefilm:
1. Snipp & Snapp UB, Bømlo vidaregåande skule
2. Rulle UB, Fana gymnas

Beste logo:
1. T-Trykk UB, Fana gymnas
2. Musematta UB, Os vidaregåande skule

Beste brosjyre:
1. UB Bil & Bakst, Bjørkåsen videregående skole
2. UB Badehetta, Bjørgvin videregående skole

Beste webside:
1. Dekorlys UB, Sotra vidaregåande skule
2. Move IT UB, Fana gymnas

Beste miljøbedrift:
1. Dyregod UB, Stend jordbruksskule
2. Rulle UB, Fana gymnas

Beste forretningsplan:
1. UB Nerdverk.org, Fana gymnas

Beste utstilling/stand:
1. UB Mesterverk, Rubbestadnes yrkesskule
2. UB Bil & Bakst, Bjørkåsen videregående skole
3. Jungel Klubben UB, Sotra vidaregåande skule

Beste seljar:
1. Hege Gundersen, UB Posekos, Sotra vidaregåande skule

Beste innovative produkt:
1. Lys i mørket UB, Bømlo vidaregåande skule
2. UB Smaksvarianten, Sotra vidaregåande skule

Beste ungdomsbedrift:
1. UB Badehette, Bjørgvin videregående skole
2. Jungel Klubben UB, Sotra vidaregåande skule

Sjå fleire bilete frå konkurransen om beste ungdomsbedrift

Bjarte Brask Eriksen

20.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart