I samband med at søknadsfristen til vidaregåande opplæring går ut 1. mars vil Inntakskontoret, som service til søkjarane, ha utvida opningstider på telefonen frå fredag 27. februar, i helga og måndag 1. mars.
Slik blir telefonopningstidene ved Inntakskontoret:
Fredag 27. februar 08.30 - 19.00
Laurdag 28. februar 09.00 - 15.30
Søndag 29. februar 12.00 – 17.00
Måndag 1. mars 08.30 – 19.30
Siste frist for levering av søknad på Internett er måndag 1. mars kl.23.59.
Telefon: 55 23 94 60.
Opningstidene ovanfor gjeld berre kontakt pr.telefon.
Ønskjer du å besøke Inntakskontoret i Fylkeshuset, Agnes Mowinckelsgt. 5 i Bergen gjeld ordinære opningstider måndag – fredag frå klokka 08.00 til 15.30.