Større satsing på trafikantåtferd

Trass i bygging av gang- og sykkelvegar og andre fysiske trafikksikringstiltak som er vurdert å ha stor ulukkesreduserande effekt, har ikkje talet på trafikkskadde gått så mykje ned som venta. I den reviderte planen for trafikksikringsarbeidet legg difor

Samferdselsutvalet tilrår å godkjenne den framlagde handlingsplanen for trafikksikringsarbeidet i Hordaland 2004-2005 og at denne skal reviderast for å kome i fase med nasjonal Transportplan 2006-2015.

Den gjeldande trafikksikringsplanen retta merksemd mot fysiske tiltak, trafikantåtferd og nullvisjonen. Den nye legg i enno sterkare grad opp til satsing på trafikantåtferd. Kunnskap om og registrering av trafikantåtferd skal bli lagt til grunn for iverksetjing av alle typar trafikksikringstiltak.

Samferdselsutvalet ønskjer, etter forslag frå Liv Glasser, SV, å oppretthalde aksjon skuleveg og ber fylkesadministrasjonen utarbeide ei sak om det. (Samrøystes tilrådd).
Eit oversendingsforslag frå Bente Bondhus (SP) vart samrøystes vedteke oversendt fylkesadministrasjonen. Det går ut på å ta kontakt med Statens vegvesen om fotgjengarovergang (felt) i Korsneset i Kvinnherad, og få tilbakemelding om status for prosjektet.

Saka går vidare til fylkesutvalet 25. og 26. februar og til fylkestinget 16.-18. mars.

Bjarte Brask Eriksen

15.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart