Forslaget om ikkje å fremja motsegn, slik fylkesrådmannen hadde rådd til, vart sett fram av Berit W. Eldøy (H) på vegner av Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti og Pensjonistpartiet. Forslaget fekk også støtte av Arbeiderpartiet og Senterpartiet.
Forslaget som er tilrådd, lyder:
«Fylkesutvalet fremjar ikkje motsegn til kommuneplanen, men gjer følgjande merknader som vert å følgja:
1. Serviceområdet må utformast slik at det ikkje kjem i konflikt med kulturminneområdet ved kyrkja.
2. Naustområde ved sjøen må ikkje koma i konflikt med automatisk freda kulturminne.
3. Bandlagt automatisk freda område må få tilfredsstillande avgrensing.
4. Omfanget av næringsareal ved sjøen utformast og utviklast på ein positiv måte for landskapet og strandsona. Det same gjeld for hytteområdet ved sjøen.
Saka kjem opp til handsaming og vedtak i fylkesutvalet sitt møte 25.-26. februar.
Tilråding frå kultur- og ressursutvalet (til fylkesutvalet):
1 Kommuneplan for Tysnes er utvikla i ein god prosess med fylkeskommunen og er i store trekk i samsvar med regional politikk.
2 Fylkesutvalet er samd i kommunen si vektlegging av utvikling av sentera Våge, Lunde, Uggdalseidet og Onarheim. Lokalisering av bustadområde og område for offentleg føremål/service vil styrkje desse sentera.
3 Fylkesutvalet har merka seg at kommunen har reserve av hytteområde og at det ikkje blir lagt ut vesentleg nye område. Område ved Onarheim og på austsida av Tysnes bør vurderast på nytt for å ta omsyn til strandsona ved Onarheim og eit eksponert område ut mot Lukkesundinnseglinga.
4 Fylkesutvalet viser til at reiselivsnæringa er eit satsingsområde i Hordaland. Nye reiselivsanlegg bør byggjast slik at landskapskvalitetar blir ivaretatt. Kommunen bør vurdera alle nye område i ein slik samanhang og spesielt området ved Hovland som har ei eksponering ut mot verdifull strandsone.
5 Fylkesutvalet meiner dei nye industriområda i tilknyting til kyststamvegen vil stø opp under investeringar i kyststamvegen og styrke Tysnes som lokaliseringsstad for verksemder.
6 Fylkesutvalet viser til at havbruksnæringa er eit satsingsområde i Hordaland og har merka seg at kystsoneplanen er integrert i kommuneplanen. Nye artar er på veg inn i næringa og det kan raskt bli trong for å oppdatera denne delen. Fylkesutvalet har og merka seg at kyststamvegen er lagt inn i planen. Fylkesutvalet vil koma attende til planane om utbetring av fylkesvegen på søraustsida fram til Nedrevåge næringsområde og eventuell vegutløysing for Huglo når det ligg føre meir konkrete planar.
7 Av omsyn til kulturminnevernet ber fylkesutvalet om at retningsliner/føresegner til planen vert styrka når det gjeld vern av kulturminne i sjø, vern av sjøbruksmiljø og bygging i område for spreidd bustadbygging ved at kulturminnestyresmaktene vert høyringsinnstans.
Fylkesutvalet rår til at verneverdige sjøbruksmiljø vert merka på arealkartet under ”andre opplysning” for å synleggjera desse ressursane.
Fylkeskommunen tek atterhald om arealbruken inntil undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminnelova er oppfylt.
8 Onarheimsområdet inneheld store kulturminnefaglege verdiar. Eit område kring kyrkja og ned til sjøen blir rekna som automatisk freda og det er stort potensiale for funn av nye fornminne.
Onarheim har ei verdifull strandsone.
Fylkesutvalet fremjar ikkje motsegn til kommuneplanen, men gjer følgjande merknader som vert å følgja:
1. Serviceområdet må utformast slik at det ikkje kjem i konflikt med kulturminneområdet ved kyrkja.
2. Naustområde ved sjøen må ikkje koma i konflikt med automatisk freda kulturminne.
3. Bandlagt automatisk freda område må få tilfredsstillande avgrensing.
4. Omfanget av næringsareal ved sjøen utformast og utviklast på ein positiv måte for landskapet og strandsona. Det same gjeld for hytteområdet ved sjøen.
Stanley Hauge