I høve til budsjettet fylkestinget vedtok i desember 2003 vert inntektene til fylkeskommunen i 2004 ca. 39 mill. kr høgare. Hordaland får 10 mill. kr i ekstra skjønstilskot som delvis kompensasjon for bortfall av inntekter etter øybuarkriteriet i rammetilskotsordninga. Rammetilskotet frå staten aukar med 7,46 mill. kr, statsmidlar til omstilling kjem inn med 5,6 mill. kr og konsesjonskraftinntektene aukar med 16 mill. kr.
Øybuarkriteriet
I samband med oppdatering av kriteriet i inntektssystemet som gjeld talet på personar busette på øyar, mista Hordaland 38,7 mill. kr i inntekter i 2004 samanlikna med dei føregåande åra. Etter at fylkeskommunen tok opp saka, har Kommunal- og regionaldepartementet gjeve eit ekstra skjønstilskot på 10 mill. kr for 2004.
Endra momsuttrekk
Etter ein ny gjennomgang av uttrekk for momskompensasjon vert uttrekket frå Hordaland sitt rammetilskot 7,5 mill. kr mindre føresett i det vedtekne budsjettet. Budsjettet vert såleis styrkt med denne summen.
Konsesjonskraftinntektene
Endra konsesjonskraftpris og stigande prisar i marknaden kombinert med litt større mengde konsesjonskraft, gjer at inntektene på denne posten vert auka med 16 mill. kr til 45 mill. kr for 2004. Av meirinntektene vert 4,5 mill. kr vert nytta til underskotsdekking, og 11,5 mill. kr til å auka utlånet til Hardangerbrua.
Underskotsdekking
Fylkesrekneskapen for 2003 er gjort opp med eit underskot på 44,7 mill. kr. I 2002 var underskotet på 42,1 mill. kr slik at oppsamla underskot ved utgangen av 2003 var på 86,8 mill. kr. I budsjettet for 2004 er det sett av 14,0 mill. kr til å dekka 2002-underskot. Fylkesutvalet rår til nytta 17,4 mill. kr til dekking av underskot frå 2002. Samla underskotsdekking vert dermed 31,4 mill. kr i 2004. Det står då att å dekka inn 10,8 mill. kr av 2002-underskotet og heile 2003-underskotet, i alt 55,5 mill. kr, frå 2005.
Meir til samferdsel
For å oppretthalda tilbodet innan kollektivtrafikken trengst det tilleggsløyvingar til fleire av tilboda. Samla vert det rådd til budsjettauke på 7,7 mill. kr til sektoren. Det omfattar 2,5 mill. kr meir til snøggbåtrutene i samband med nye kvalitetsavtalar med HSD fram til 31.12.2005, 0,2 mill. kr meir til sommarruta med snøggbåt i Hardanger, 0,3 mill. kr meir til Fjellbergruta i Sunnhordland, 0,2 mill. kr i tilskot til drift av Valestrandferja (Osterøy-Bergen), 3 mill. kr til fullføring av gassbussprosjektet, og 1,5 mill. kr meir til ruteselskapa som kompensasjon i samband med auka arbeidsgjevaravgift m.m.
Andre løyvingar
I tilskot til Foreningen Yrkeslaborinten vert det løyvd 200 000 kr, til serviceavgift til Vest-Norges Brüsselkontor vert det tilrådd 295 000 kr og løyvinga til ungdommens fylkesting vert auka med 25 000 kr til 175 000 kr.
Set i verk vedtekne kutt
Fylkestinget vedtok i samband med 2004-budsjettet uspesifiserte kutt på ca. 15 mill. kr i tillegg til 4,75 mill. kr i kutt i fylkesadministrasjonen.
Kutta i fylkesadministrasjonen har fylkesrådmannen sett i verk. I hovudsak omfattar det at 10 stillingar er trekte inn og at 4-5 stillingar vert haldne ledige i samband med permisjonar. Det er også gjort ein del kutt i andre budsjettpostar.
For å setja i verk vedtaket om innstramming på vel 15 mill. kr rår fylkesutvalet til følgjande: 10 mill. kr skal dekkast innan skulesektoren, 1 mill. kr innan kultur, 0,5 mill. kr innan tannhelse, 2,1 mill. kr innan samferdsel og 1 mill. kr i fylkesadministrasjonen.
Kuttet i samferdsel gjeld 2,1 mill. kr mindre til skuleskyss. Innan opplæring skal 8 mill. kr av innsparinga dekkast ved kutt i skulebudsjettet. Innan kultur vert det 300 000 kr mindre til fylkesidrettsanlegg, 300 000 kr vert spart ved at ein stilling som fylkesmusikar står ledig, kulturminneplanen får 100 000 kr mindre, det vert 150 000 kr mindre til kulturgeografiske registreringar og arkeologi , 50 000 kr mindre til museumsplane og 50 000 kr mindre til Bergen Sjøfartsmuseum.
Mindretalsforslag
Gisle Handeland, Arbeiderpartiet, føreslo at underskotsdekkinga i 2004 skal setjast 10,5 mill. kr lågare enn det fylkesrådmannen har føreslege. I staden vil Arbeiderpartiet nytta denne summen til å unngå kutt på 10 mill. kr i opplæringssektoren og 0,5 mill. kr i den offentlege tannhelsetenesta. Forslaget fekk Ap sine tre røyster.
Harald Hove, Venstre, føreslo å ikkje løyva midlar til utlån til Hardangerbrua og å auka dekkinga av underskot. Forslaget fekk Venstre si røyst.
Torstein Dahle, RV, føreslo at i staden for å låna ut auka konsesjonskraftinntekter til Hardangerbrua skal fylkestinget løyva midlane til utviklingsarbeidet ved smelteverkstomta i Odda. Han ville også stryka løyvinga til Brüsselkontoret. Samla løyving til Odda vil etter forslaget hans verta 11,795 mill. kr. Forslaget fekk RV si røyst.
Fylkestinget handsamar budsjettsakene 16.-17. mars.
Stanley Hauge