Konkurranse om beste ungdomsbedrift

47 ungdomsbedrifter frå 18 vidaregåande skular i Hordaland deltek i konkurransen om å bli beste ungdomsbedrift. Kåring av vinnarane skjer i Bergen Kongress Senter 12. februar der alle deltakarane skal vise seg fram.

Dette er tredje året på rad fylkesmessa for ungdomsbedrifter går av stabelen. Arrangør er den ideelle organisasjonen Ungt entreprenørselskap, Hordaland, som NHO, Hordaland, har teke initiativ til å skipe. Hordaland fylkeskommune og mange andre offentlege og private bedrifter står bak organisasjonen.

I alt er det dette skuleåret 90 ungdomsbedrifter i Hordaland. På messa i Bergen skal 47 av desse presentere forretningside på stand og scene.

Det skal konkurrerast i desse klassane:
Beste ungdomsbedrift, beste innovative produkt, beste logo, beste webside, beste brosjyre, beste reklamefilm, beste forretningsplan, beste miljørapport, beste utstilling/stand og beste seljar. Med i juryen er mellom anna fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen. Byrådsleiar i Bergen kommune, Monica Mæland opnar messa klokka 10.30. Om lag klokka 16.00 blir vinnarane kåra.
Vinnarane går vidare til NM for ungdomsbedrifter på Lillehammer 22.-24. april.

10.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart