"Hardangerbrua må byggjast"

Kommunane og innbyggjarane i området som soknar til brua, og andre brukarar, er villege til å betala for å få bygd Hardangerbrua fordi dei ser dette som eit prosjekt dei vil få stor nytte av. Brua vil vera eit verktøy til vekst for dei indre delane av Hor

Fylkesordføraren gjev si fulle støtte til påtroppande styreleiar i Hardangerbrua, Einar Lutro, om at brua må byggjast trass dei auka kostnadene.

Vi må ikkje sjå oss blind på at brua etter nytte-kost-utrekningane er samfunnsmessig ulønsam. Dersom vi meiner alvor med at vi skal utvikla distrikta slik at det også i framtida skal vera gode og levedyktige lokalsamfunn der, må vi ta krafttak som i eit kortsiktig perspektiv er ulønsame. Hardangerbrua vil vera eit slikt krafttak, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Fylkesordføraren peikar også på at finansieringa av dette krafttaket i stor grad skal skje ved lokal innsats i form av tilskot frå kommunar, Hordaland fylkeskommune (konsesjonskraftmidlar) og bompengebetaling. Statlege tilskot vil vera relativt beskjedne i dette prosjektet.

Vi må no få ei grundig vurdering av konsekvensutgreiinga frå Statens vegvesen. Mellom anna må vi sjå på om det let seg gjera å byggja brua rimelegare, seier fylkesordføraren.

Stanley Hauge

09.02.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart